Christina Obergföll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christina Obergföll


Christina Obergföll i 2015

Nasjonalitet Tysk
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 22. august 1981 (42 år)
Lahr i Baden-Württemberg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt, Sportler des Jahres, Leichtathleten des Jahres, Baden-Württembergs fortjenstorden

Christina Obergföll (fødd 22. august 1981) er ein tysk friidrettsutøvar, fødd i Lahr/Schwarzwald i Baden-Württemberg, som tevlar i spydkast. Ho vart verdsmeister i 2013 i Moskva, tidlegare hadde ho vunne fem sølvmedaljar og ein bronsemedalje i dei store internasjonale meisterskapane; OL, VM og EM. Hennar personleg rekord på 70,20 meter er frå 2007-sesongen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Obergföll tok sølvmedaljen i spydkastøvinga under VM i friidrett 2005 i Helsingfors. Trass i at ho sette europarekord med eit kast på 70,03 meter, måtte ho sjå seg slått av Osleidys Menéndez frå Cuba som forbetra verdsrekorden til 71,70 meter. To år seinare kopierte Obergföll medaljefangsten i det neste friidretts-VM, sølvkastet målte 66,46, Barbora Špotáková frå Tsjekkia vart verdsmeister på ny landsrekord; 67,07 meter.

I 2008 fekk Obergföll bronsemedaljen under den olympiske spydtevlinga i Beijing. Både i 2010 og 2012 tok ho sølvmedaljen i friidretts-EM med kast på høvesvis 65,58 m og 65,12 m. I Barcelona i 2010 hamna ho vel meteren bak landsmannen Linda Stahl, medan ho i Helsingfors i 2012 vart slått av Vira Rebryk frå Ukraina med halvannan meter og vel så det. Seks veker etter europameisterskapen i Helsingfors vann Obergföll OL-sølv med eit kast som var fire centimeter kortare enn bestekastet i EM. I London var det verdseinaren Barbora Špotáková som tok gullmedaljen.

Under verdsmeisterskapen i friidrett i 2013 i Moskva skulle det endeleg lukkast for Obergföll. I andre omgangen smelte ho til med 69,05 m og tok ei klar leiing føre Kimberley Mickle frå Australia som med 66,25 meter. I siste omgang sikra Mickle sølvmedaljen med eit kast på 66,60 m, men ingen kunne gjere noko med Obergföll i gullkampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]