Christlich-Soziale Union in Bayern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christlich-Soziale Union in Bayern

LandTyskland
Partileiar(ar)Markus Söder
GrunnleggjararKarl Scharnagl
Grunnlagt13. oktober 1945
HovudkvarterMünchen
Medlemstal130 379 (31. desember 2021)[1]
Ideologikristendemokrati, regionalisme, sosialkonservatisme, liberalkonservatisme, Bayern Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-høgre, catch-all-parti
Fargeasur

Christlich-Soziale Union in Bayern (CSU) (CSUChristlich-Soziale Union in Bayern e.V.) er eit konservativt politisk parti i Tyskland som saman med systerpartiet CDU utgjer den såkalla unionsfraksjonen i den tyske riksdagen. Partileiar er Erwin Huber. CSU er berre representert i den sørlegaste av dei tyske delstatane, Bayern.

Partiet blei grunnlagt i 1946 som etterfølgjar til Bayerische Volkspartei, som blei oppløyst i 1933. Av historiske grunnar er den bayerske utgåva av unionen teken vare på som eit eige parti, og CDU driv inga politisk verksemd her. Det tyder ikkje at samarbeidet mellom dei to er utan problem, og CSU har stått for ein meir sjåvinistisk og høgreorientert politikk enn systerpartiet sitt.

Den mest markante personen i partiet si historie er Franz Josef Strauss, som var ministerpresident (statsminister) i Bayern i ei årrekkje på 1970- og 80-talet. Strauss var òg kandidaten for unionen som forbundskanslar, men var for omstridd, både i CDU og blant vesttyskarar, til å bli vald.

Edmund Stoiber har leidd CSU sidan 1999. I 2002 var han kanslarkandidat for unionen, men tapte på målstreken for Gerhard Schröder. Ved riksdagsvalet i Bayern i september 2003 fekk CSU heile 60,7 % av stemmene. Stoiber valde å trekkje seg som leiar i 2007 etter at det blei kjent at han hadde late medarbeidarane sine spionere på Gabriele Pauli etter at ho hadde kritisert Stoiber.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. https://dserver.bundestag.de/btd/20/059/2005960.pdf; side(r): 337.