Christoffer Valkendorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christoffer Valkendorf på eit veggmåleri i København rådhus

Christoffer Valkendorf (fødd 1. september 1525 på Glorup gods på Fyn, død 17. januar 1601 i København) var ein dansk adelsmann. Han var lensherre på Bergenhus frå 1556 til 1560. Valkendorf bygde eit byhus i Bergen, som han seinare gav i gåve til byen. Dette huset vart seinare byen sitt rådhus, og er no kjent som Gamle rådhus. Det inneheld i dag Bergen sin bystyresal, der det heng eit portrettmåleri av Valkendorf. Ei stund trudde ein òg, feilaktig, at det var Valkendorf som hadde bygd Rosenkrantztårnet, og det har difor òg vore kalla Valkendorftårnet.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.