Christoffer Wilhelm Eckersberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
C.W. Eckersberg
Maleren C.W. Eckersberg. (1832).jpg
C.W. Eckersberg måla av Fritz Petzholdt i 1832
Fødd 2. januar 1783
Neder Blåkrog i Sønderjylland
Død 22. april 1853 (70 år)
København
Nasjonalitet dansk
Felt Kunstmålar
professor
direktør
Utdanning Det Kongelige Danske Kunstakademi
«Kvinde foran et spejl» frå 1841
Olje på lerret
33,5 × 26 cm
Den Hirschsprungske Samling

Christoffer Wilhelm Eckersberg også C.W. Eckersberg (fødd 2. januar 1783 Neder Blåkrog i Sønderjylland, død 22. april 1853 i København)[2]var ein dansk målar og den som la grunnlaget for den danske gullalderens målarkunst.[3] Han fekk stor betydning for mange målarar i samtida og i tida etter. Elevane hans høyrde til dei mest framifrå kunstnarane i perioden, mellom anna Christen Købke, Martinus Rørbye, Wilhelm Bendz, Constantin Hansen og Wilhelm Marstrand.

Eckersberg studerte ved Det Kongelige Danske Kunstakademi frå 1803 og fekk undervisning frå mellom anna Nicolai Abildgaard. Seinare var han på studiereise ute i Europa og var elev hos Jacques-Louis David i Paris i to år. Davids strenge klassisisme kjem til å bli avgjerande for Eckersbergs stil.[4]

Etter eit treårig opphald i Roma i 1813-1816 vendte han attende til København for å bli professor ved akademiet, ei stilling han hadde til sin død. Han var direktør i 1827-1829. I løpet av den lange karrieren sin måla han mange portrett, landskap og marinemåleri og ei rekkje historiske og mytologiske motiv.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Christoffer Wilhelm Eckersberg