Christopher Omsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christopher Frimann Omsen på eit måleri av Ragna Hennig-Larsen. Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum

Christopher Frimann Omsen (11. desember 176125. april 1829) var ein norsk høgsterettsadvokat og medlem av riksforsamlingaEidsvoll.

Omsen var fødd i Bergen, og vart i 1783 student frå Bergens katedralskule. I åra etter var han huslærar i Noreg, og deretter juridisk manuduktør i København. Han tok først dansk, og så latinsk-juridisk embetseksamen i 1791. Same året vart han prokurator i Christiania, i 1799 vart han i tillegg tollprokurør i Akershus stift.

Omsen var ein av Christiania sine to utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Under forhandlingane førte han ei sjølvstendig linje, men låg i dei fleste spørsmål nærast sjølvstendepartiet. Omsen var 13. mai den førande for unionspartiet i diskusjonen om Eidsvollsgarantien. Argumentasjonen hans førte ikkje fram. Garantien vart vedteken, men vart sidan oppheva. Omsen var medlem av konstitusjonskomitéen, reglementskomiteen og han var 17. mai med i deputasjonen til kongen. Som medlem av konstitusjonskomiteen forfatta han kapitlet om den dømmande makt. Saman med Georg Sverdrup og Ludvig Platou gav han ut Den norske riksforsamlings forhandlinger paa Eidsvold i aaret 1814.

Omsen vart høgsterettsadvokat i 1814, i 1815 vart han oppnemnd til assessor (dommar) i Noregs Høgsterett. I eigenskap av høgsterettsassessor var han medlem av riksrettane 1821-22 og 1827. Med karakteren haud er han den einaste dommaren i Høgsterett som ikkje har hatt karakteren laud. Perioden 1818-24 var han statsrevisor.

Omsen kjøpte garden Nedre Blindern i Christiania i 1826, og døydde der tre år seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Gyldendals store konversasjonsleksikon, 1972