Christus, der ist mein Leben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christus, der ist mein Leben
BWV 95
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1723
Første framføring 12. september 1723
Publiseringsdato 1875
Satsar sju

Christus, der ist mein Leben, BWV 95, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1723 for den sekstande sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 12. september.

Teksten er henta frå Martin Luther (første sats), Valerius Herberger (tredje sats) og Nikolaus Herman (sjuande sats), medan resten er av ein ukjend opphavsmann.

Koraltemaa er basert på salmane «Christus, der ist mein Leben», «Mit Fried und Freud ich fahr dahin», «Valet will ich dir geben» og «Wenn mein Stündlein vorhanden ist»

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for valthorn, to obo d'amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (sopran, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av sju satsar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]