Chryse Planitia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chryse Planitia (øvst) fotografert av Viking 2-banesonden
Overflatebilete frå Chryse Planitia teke av Viking 1-landaren

Chryse Planitia er ei større sletta på Mars nære det austre av Valles Marineris. Viking 1-landaren landa i området og synte ei overflata dekt av laus raud sand og ei større mengd med blokkar laga av basalt lava. Chryse Planitia er sannsynlegvis eit attfylt nedslagsbasseng; eit større tal av framståande kanalar fører til regionen. Desse kanalane spring ut frå den austlege enden av Valles Marineris og er sannsynlegvis gravne ut av noko flytande. Altimetri og bilete tekne av mellom anna Mars Global Surveyor peikar sterkt mot at heile regionen frå Chryse til den austlege enden av Valles Marineris ved eit tidlegare høve var fløymd over.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Chryse Planitia» s. 85 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.