Chuck Berry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chuck Berry
Chuck-berry-2007-07-18.jpg
Berry i Örebro i Sverige i juli 2007.
Verkeleg namn Charles Edward Anderson Berry
Fødd 18. oktober 1926
St. Louis, Missouri i USA
Instrument Gitar, vokal
Sjanger Rock and roll
Aktive år 1955 - til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Plateselskap Chess, Mercury, Atco
Nettside http://www.chuckberry.com/
Kjende instrument
Gibson ES-355
Gibson ES-125
Chuck Berry, You can't catch me, 1956.

Charles Edward Anderson «Chuck» Berry (fødd 18. oktober 1926 i Saint Louis i USA) er ein USA-amerikansk gitarist, songar og låtskrivar. Chuck Berry har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Chuck Berry er ein av pionerane innan rock and roll og hadde stor innverknad på rockemusikken. Rock and Roll Hall of Fame si nettside seier om Chuck Berry at «sjølv om ingen kan seiast å ha funne opp rock and roll, så er Chuck Berrey den artisten som kjem nærast ved at han klarte å setje alle dei viktige bitane saman»[1] Cub Koda, ein musikkritikar, skriv at «av alle dei tidlege artistane i rock and roll, er ingen viktigare for utviklinga av musikken enn Chuck Berry. Han den første og ein av dei største av dei tidlege låtskrivarane og gitaristane, ein av dei viktigaste bidragsytarane til korleis rock and roll skulle høyrast ut og ein av dei største artistane.»[2] John Lennon var meir kortfatta: «Om du skulle gje rock and roll eit anna namn, kan du kalle det 'Chuck Berry'»[3]

Berry var ein del av den første gruppa av musikarar som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame då han opna i 1986. I 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone Chuck Berry på femteplass[4] på lista over dei 100 største artistane gjennom tidene.[5] Han vart òg plassert på sjetteplass av Rolling Stone over dei 100 største gitaristane gjennom tidene.[6]

Rock and Roll Hall of Fame si lite over «dei 500 songane som forma rock and roll», er tre av Chuck Berry sine songar med, «Johnny B. Goode», «Maybellene» og «Rock & Roll Music»[7]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Den første tida[endre | endre wikiteksten]

Berry var fødd i Saint Louis i Missouri. Faren var entreprenør og diakon i ei baptistkyrkje og mora var ein kvalifisert bestyrar. Familien høyrte til middelklassen og gjorde at han kunne drive med interessa for musikk i tidleg alder. Dei første offentlege framføringane hans vart gjort medan han gjekk på Sumner High School.[8]

I 1944, like før han vart uteksaminert, vart han arrestert og dømd for væpna ran av ein bil i lag med venene. Berre slapp ut frå fengselet Intermediate Reformatory for Young Men ved Algoa, nær Jefferson City dagen han fylte 21 år i 1947.[9]

Chuck Berry hadde spelt blues sidan tenåra og nytta gitarriffa til den eldre jump blues-artisten T. Bone Walker.[10] Tidleg i 1953 spelte Berry med the Johnnie Johnson Trio, eit band som spelte på ein populær klubb kalla The Cosmopolitan i East St. Louis i Illinois. Desse skulle spele med Berry i lang tid. Sjølv om bandet hovudsakleg spelte blues og balladar, var den mest populære musikken hos kvite i området country. Berry var nyfiken på korleis det svarte publikumet ville reagere på countrymusikk, og starta å spele enkelte songar for dei. Etter først å ha ledd av han nokre gonger starta dei å be om meir og likte å danse til det.[9]

Berry sitt scenetekke starta å trekke til seg stadig fleire kvite til klubben, og han starta òg å synge songar av Nat King Cole og Muddy Waters.[11] I mai 1955 reiste Berry til Chicago og møtte Waters sjølv, som føreslo at han skulle ta kontakt med Leonard Chess i Chess Records. Berry trudde at blues-songane hans skulle fange interessa til Chess, men han vart overraska då det var ein gammal countrysong av Bob Wills kalla «Ida Red» som Chess fall for. På denne tida hadde Chess innsett at blues-marknaden byrja å minke og hadde byrja å sjå mot rhythm and blues og han tenkte at Berry kunne vere rette mannen. Så 21. mai 1955 spelte Berry inn «Ida Red», men gav han namnet «Maybellene», med Johnny Johnson, Jerome Green (frå Bo Diddley sitt band) på maracas, Jasper Thomas på trommer og blueslegenda Willie Dixon på bass. «Maybellene» selde over ein million eksemplar og nådde førsteplassen på R&B-lista og femteplassen på poplista. [9][12]

Berry vert stjerne (1956-1959)[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av juni 1956 nådde songen hans «Roll Over Beethoven» 29. plass på Billboard-lista. I 1956 reiste Berry på turne som ein av «Top Acts of '56». Han og Carl Perkins vart vener på turneen.[13]

Hausten 1957 reiste Berry i lag med Everly Brothers, Buddy Holly og andre stjerner på ein turne i USA. I perioden 1957-1959 hadde Berry eit titals hittar på Topp 10 i USA, som «School Days», «Rock and Roll Music», «Sweet Little Sixteen» og «Johnny B. Goode». Forfattar og produsent Robert Palmer skreiv at Berry sine songar ofte hadde ein country-influert, lett bluesmelodi, med mykje gitartwang. Han hadde òg stundom spansk-influerte songar som «La Juanda» og «Havana Moon».

Berry medverka i to tidlege rock and roll-filmar, Rock Rock Rock, i 1956 og Go, Johnny, Go! i 1959.

Andre fengselsperiode (1959-1963)[endre | endre wikiteksten]

Berry i Deauville i Frankrike i 1987

Mot slutten av 1950-åra var Berry ei etablert rockestjerne med fleire hitplater. Han hadde òg oppretta sin eigen nattklubb i St. Louis kalla Berry's Club Bandstand.

I desember 1959 fekk Berry store problem då han inviterte ei 14 år gammal apache-jente som han hadde møtt i Mexico til å arbeide i garderoben i klubben. Etter at ho fekk sparken frå klubben, vart ho arrestert, sikta for prostitusjon, og Berry vart arrestert for menneskehandel (Mann Act). Etter ei rettssak og ankerettssak vart Berry dømd til å betale 5000 dollar og til fem år i fengsel. Denne hendinga, saman med andre rock and roll-skandalar som Jerry Lee Lewis sitt giftarmål med det 13 år gamle søskenbarnet sitt og Alan Freed si sikting for payola, eller bestikking til kringkastarar for å spela visse songar, gav rock'n'roll eit omdømeproblem som førte til at han vart mindre populær i USA.

Andre del av karrieren (1963-1972)[endre | endre wikiteksten]

Berry kom ut av fengsel i 1963 og opplevde ein god start på karrieren igjen sidan fleire band i den britiske invasjonen, mellom anna the Beatles og the Rolling Stones, spelte inn sine versjonar av Berry sine songar. I tillegg hadde The Beach Boys ein hit med «Surfin' USA», som står oppført som skrive av Brian Wilson, men som i stor grad er ein direkte kopi av Berry sin «Sweet Little Sixteen». Berry har i ettertid fått full kredit (både tekst og musikk) på denne songen.

I 1964–65 spelte Berry inn ny musikk og oppnådde å få seks singlar inn på Topp 100 i USA, som «No Particular Place To Go» (#10), «You Never Can Tell» (#14) og «Nadine» (#23).

I 1966 forlét Berry Chess Records og gjekk til Mercury.[14] I løpet av den korte perioden han var på Mercury spelte han inn fleire album, inkludert ei nyinnspeling av hittar han hadde hadde på Chess og eit album som var dominert av ein 18 minutt lang instrumental kalla «Concerto in B. Goode». Både endringar i musikksmak og forskjellige produksjonsteknikkar gjorde at Berry ikkje fekk nokre hitplater for Mercury.

Han hadde derimot framleis populære konsertar og i juli 1969 var Berry eit av dei største trekkplastera til Schaefer Music Festival i Central Park i New York City i lag med The Byrds, Miles Davis, Fleetwood Mac, Led Zeppelin, B.B. King, The Beach Boys, Frank Zappa og Patti LaBelle. Same året spelte han på ein festival i Toronto med Eric Clapton på gitar og Alan White på trommer.

Berry gjekk tilbake til Chess frå 1970 til 1973. I 1972 gav Chess ut ei konsertinnspeling av «My Ding-a-Ling», ein song Berry hadde spelt inn fleire år tidlegare berre for moro. Singelen vart særs populær og klatra til førsteplass på singellista i USA, den einaste førsteplassen Berry fekk. Same året kom òg ei konsertinnspeling av «Reelin' and Rockin'», som gjekk inn på Topp 40.

Det siste albumet for Chess kom i 1973 med Bio, og etter dette lagde ikkje Berry plater på seks år.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

I 1970-åra turnerte Berry på tidlegare suksess. Han reiste rundt i fleire år med berre Gibson-gitaren overbevist om at han kor som helst kunne leige eit band som alt kjende musikken hans. Konsertane gjekk likevel ikkje alltid så bra og dei fekk etter kvart eit dårleg rykte. Av dei mange musikarane som spelte med Berry på denne måten var Bruce Springsteen og Steve Miller, som begge då nettopp hadde starta karrierane sine. Springsteen fortalte seinare at Berry ikkje ein gong gav bandet ei liste over kva songar som skulle spelast og berre forventa at musikarane skulle følgje han etter kvar gitarintro. Berry snakka ikkje til eller takka bandet etter konserten.

Måten Berry reiste rundt aleine på i 1970-åra, der han ofte vart betalt kontant av dei lokale konsertarrangørane, gjorde at skattestyresmaktene etter kvart skulda Berry for skattesnyting. Berry vart sikta for dette og vart for tredje gong dømd til fengsel i fire månader og 1000 timar samfunnsteneste i 1979, som han utførte med å halde velgjerdskonsertar.

Etter ønske frå Jimmy Carter spelte Chuck Berry i Det kvite huset 1. juni 1979. [14] I 1979 gav Berry òg ut albumet Rockit for Atco Records, det siste studioalbumet så langt.

Berry heldt fram i 1980-åra som han gjorde i 1970-åra, der han reiste rundt aleine og leigde lokale band til å spele for seg på kvar stad.

Berry spelar konsert i 1997

I 1986 lagde Taylor Hackford dokumentarfilmen kalla Hail! Hail! Rock 'n' Roll av ein konsert som feira Berry sin 60-årsdag. Keith Richards var musikalsk leiar, og mellom anna Eric Clapton, Etta James, Julian Lennon, Robert Cray og Linda Ronstadt var av artistane som spelte med Berry.

I 1990 vart Berry saksøkt av fleire kvinner som hevda at han hadde sett opp eit skjult videokamera på dametoalettet på ein av dei to restaurantane hans i St. Louis. Han kom til forlik med dei 59 kvinnene det gjaldt, noko som kosta Berry over $1,2 million pluss sakskostnader.

Berry har halde fram med å turnere i seinare år og sommaren 2008 var han på Europa-turne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chuck Berry. The Rock og Roll Hall of Fame og Museum.
  2. Chuck Berry biography. allmusic. Vitja 17. september 2008.
  3. Brainy Quote - John Lennon. Vitja 17. september 2008.
  4. Chuck Berry. Joe Perry. Rolling Stone Issue 946.
  5. The Immortals: The First Fifty. Rolling Stone Issue 946.
  6. The 100 Greatest Guitarists of All Time. Rolling Stone Issue 931.
  7. The 500 Songs That Shaped Rock and Roll
  8. Weinraub, Bernard. [1] "Sweet Tunes, Fast Beats og a Hard Edge", The New York Times, 2003
  9. 9,0 9,1 9,2 Chuck Berry
  10. Lawrence Cohn (1993) Nothing but the Blues: The Music and the Musicians, s. 174 – Abbeville Press.
  11. Chuck Berry News
  12. Chuck 1955-56
  13. Go, Cat, Go! av Carl Perkins og David McGee 1996 s. 215,216 Hyperion Press ISBN 0-7868-6073-1
  14. 14,0 14,1 Chuck Berry

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chuck Berry