Cicero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byste av Cicero som sekstiåring.

Marcus Tullius Cicero (3. januar 106 f.Kr.7. desember 43 f.Kr.) var ein romersk politikar, jurist, talar og skribent, vørdt som den største latinske prosaforfattaren.

Han er mest kjend under namnet Cicero. Namnet er avleia av det latinske ordet cicer, som tyder 'kikert'.

Han starta karrieren som advokat og blei konsul i 63 f.Kr.. I denne stillinga hindra han den catilinske samansverginga. Etter mordet på Cæsar tok han parti mot Antonius. Med dei vidspurde talane sine gjorde han Antonius til «fiende av staten», noko som til sist kosta Antonius livet. Han var ein iherdig forsvarar av den republikanske forfatninga i Roma.

Cicero sin evne for tale er teke vare på i meir enn 50 politiske og juridiske taler og skrift: Om talaren, Brutus, Om staten, Om gudanes vesen med fleire. Til dette kjem meir enn 600 brev. Som filosof viste Cicero sympati for den stoiske posisjonen, men rekna seg som skeptikar. Han er også far til den klassiske latinske prosa. Han blei myrda under proskripsjonane år 43 f.Kr., 63 år gamal.

Arven etter Cicero[endre | endre wikiteksten]

Cicero var ein viktig stilskapar for latinsk prosa. Verka hans og talene hans vart haldne som førebilete i lang tid etter at han var daud. Då renessansen kom, var det Cicero som vart stilidealet for atterreisinga av klassisk latin. Forskinga kring Cicero skaut og fart på 1300-talet, og mange av dei gløymde skriftene hans kom for dagen att.

Humanismen tok omgrepet sitt frå Ciceros skrifter, med hovudvekt på omgrepet Humanitas, som dei tidlege humanistane (særleg Leonardo Bruni) fann hjå han.

Cicero har og ei lita rolle i William Shakespeares skodespel Julius Cæsar.

Store verk[endre | endre wikiteksten]

Taler[endre | endre wikiteksten]

  • Pro Quinctio
  • Pro Roscio Amerino
  • Pro Roscio Comodeo
  • de Lege Agraria Contra Rullum
  • In Verrem
  • de Imperio Cn. Pompei
  • Pro Cæcina
  • Pro Cluentio
  • Pro Rabirio Perduellionis Reo
  • In Catilinam I-IV
  • Pro Murena
  • Pro Sulla
  • Pro Flacco
  • Pro Archia
  • Post Reditum in Senatu
  • Post Reditum in Quirites
  • de Domo Sua
  • de Haruspicum Responsis
  • Pro Cn. Plancio
  • Pro Sestio
  • In Vatinium
  • Pro Caelio
  • de Provinciis Consularibus
  • Pro Balbo
  • Pro Milone
  • In Pisonem
  • Pro Scauro
  • Pro Fonteio
  • Pro Rabirio Postumo
  • Pro Marcello
  • Pro Ligario
  • Pro Deiotaro
  • Philippics

Filosofiske verk[endre | endre wikiteksten]

  • de Inventione
  • de Optimo Genere Oratorum
  • Topica
  • de Oratore
  • de Fato
  • Paradoxa Stoicorum
  • De Partitione Oratoria
  • Brutus
  • Orator
  • De Re Publica
  • de Consulatu Suo
  • de Legibus
  • de Finibus
  • Tusculanæ Disputationes
  • de Natura Deorum
  • Academica
  • Cato Maior de Senectute
  • Laelius de Amicitia
  • de Divinatione
  • de Officiis
  • Commentariolum Petitionis

Brev[endre | endre wikiteksten]

  • ad Atticum
  • ad Familiares
  • ad Quintum
  • ad Brutum

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]