Cimabue
Cenno di Pepo, betre kjend som Cimabue, (fødd rundt 1240, død rundt 1302) var ein italiensk målar som i hovudsak arbeidde i Firenze, byen der han både var fødd og døydde. Han vert halden som den fyrste store fornyaren av det italienske måleriet.
Liv og gjerning [endre]
Cimabue byrja sannsynlegvis å arbeide i ein mosaikkverkstad i Firenze. Omkring 1272 arbeidde han i Roma og 1301-02 i Pisa. Målaren Cimabue var i yngre år sterkt påverka av den bysantinske kunsten, men endra stil gjennom å antyde plastiske former, tredimensjonalitet og kjensler hos figurane.
Suksessivt tok han avstand frå den vesteuropeiske mellomalderske deformasjonen. Han laga då bilete som var mindre stiliserte, men samstundes monumentale og intense. Gjennom denne kunstoppfatninga vert Cimabue rekna som banebrytande for det italienske måleriet. Dante omtala Cimabue som den leiande biletskaparen før Giotto.
Vasari såg på Cimabue som grunnleggjaren av den nye stilen i målarkunsten, målaren som fremja ei meir naturtru kunstretning, og som til dels ga nytt liv til dei tradisjonelle og stive bysantinske formene, dels danna det naudsynte grunnlaget for gjennombrotet til eleven sin, Giotto.
Cimabues livsløp er så godt som ukjent, og få verk er med visse tilkjent han. Eit arbeid som uomtvisteleg er laga av Cimabue er mosaikkbiletet av Frelsaren og evangelisten Johannes i apsis til domkyrkja i Pisa (1301-02). Johannes-figuren der er laga av Cimabue. Vasari nemner elles ei rad andre verk som skal ha vore av Cimabue.
Cimabue vart beundra av sine samtidige. I Dante si Divina commedia opptrår Cimabue i skjerselden, grunna den sterke sjølvvurderinga til målaren. Mellom madonnabileta som i dag er tilskrivne Cimabue er Trinità-Madonnaen. Cimabue skal også ha vore sysselsett med større mosaikkarbeid i Siena, like eins i kyrkja Basilica di San Francesco i Assisi, der det er ei heil rekke livlege, men dårleg bevarte veggmåleri som Cimabue har måla.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Cimabue» frå Wikipedia på bokmål, den 18. september 2012.