Cimbasso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cimbasso i F

Ein cimbasso er eit messingblåseinstrument.

Instrumentet er i nær slekt med trombonen, og kan reknast som ein bass- eller kontrabassvariant av ventilbasunen. Cimbassoen er stemd i F, Ess eller B éin oktav under ein vanleg trombone, og vert notert i F-nøkkel. Den har 3-6 ventilar og er som regel bygd med ein knekk der ventilseksjonen peikar nedover, mens klokkeseksjonen står horisontalt som på ein vanleg trombone.

Cimbassoen vert stort sett berre brukt i nokre operaer og andre større verk frå 1800-talet, og vert gjerne brukt i staden for ofikleide i verk komponert for dette instrumentet (f.eks. i Verdis rekviem). Som regel blir cimbassoen spelt av orkesterets tubaist.