Ciminifjella
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fogliano ved Vicosjøen.
Ciminifjella er ei gruppe skogkledde vulkanske åsar om lag 50 km nordvest for Roma i Italia. Dei er ein del av Antiappenninane som ligg mellom Appenninane og Tyrrenhavet. Dei ligg midt i Tuscia Viterbese og den høgaste toppen er Monte Fogliano (1 053 m). Vicosjøen, ein vulkansk kratersjø, ligg i åsane.
Vegetasjonen består hovudsakleg av bøkeskog. Området er kjend for varmekjeldene sine, villaer frå renessansen og etruskiske ruinar.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Cimini Hills frå Engelsk Wikipedia .