Cinderford
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Cinderford |
||
|---|---|---|
|
Miners' Tribute, av Antony Dufort |
||
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Konstituerande land | ||
| Grevskap | Gloucestershire | |
| Distrikt | Forest of Dean | |
| Grunnlagd | 1800-talet | |
| Geografi | ||
| Innbyggjarar - By (2001) |
8 116 |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Telefon-retningsnummer | 0 1594 | |
|
|
||
Cinderford er ein liten by i Gloucestershire i England. Han ligg aust i distriktet Forest of Dean, og vart grunnlagt på 1800-talet som følgje av kolgruveindustrien i området, som var i sterk vekst.
Byen minner om dei mange walisiske byane som òg voks fram omkring kolgruver, med lange rekker med identiske terrassehus.
Då gruvene byrja å stenge i 1950-åra råka det byen hardt, fordi det fanst lite annan industri. Til samanlikning klarte den andre byen på denne storleiken i distriktet, Coleford seg langt betre gjennom denne tida, fordi han aldri var så avhengig av gruvene. Det finst noko industri i Cinderford, men han slit økonomisk, og har relativt høg arbeidsløyse.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Cinderford» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juli 2011.