Cisticola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cisticola


Cistussongar, Cisticola juncidisFoto: Thomas J. Haslam
Cistussongar, Cisticola juncidis
Foto: Thomas J. Haslam

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Cisticolidae
Slekt: Cisticola
Artar
  • Sjå teksten

Cisticola er ei biologisk slekt av særs små insektetande fuglar tidlegare klassifisert i songarfamilien, Sylviidae, men no vanlegvis i sin eigen familie grassongarar, Cisticolidae, saman med ca. 21 andre sørlege songfuglslekter. Ein trur dei er nærskylde med svaler, bylbylar og brillefuglar. Slekta inneheld rundt 45 artar, av dei berre to som ikkje finst i Afrika: gassarcistussongarMadagaskar og gyllengrassongar frå Asia til Australasia.

Slektsnamnet, Cisticola, tyder innbyggjar ('-cola') av ei voven korg ('cista-'), med vising til det fint vove reiret av cistussongar, den mest utbreidde arten i slekta.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Cisticolas er utbreidd gjennom tropiske og subtropiske område av «den gamle verda». Afrika, som er leveområdet for nesten alle artar i slekta, er det mest sannsynlege utgangspunktet for heile familien. Cisticolas er vanlegvis standfuglar med dei fleste artane knytt til og ofte gjenkjenneleg av leveområdet deira.

Slekta nyttar ei rekkje typar av opne habitat. Desse omfattar våtmarker, fuktig eller tørrare grasland, opne eller steinete fjellsider, og menneskemodifiserte habitat som vegkantar, dyrka jord, nedhogne område eller beitemark. Artane som føretrekker våtmarksområde kan ein finne i randsona av mangrove, eller i papyrus, anna siv, eller område med dunkjevlar. Cisticolas er generelt ganske vanleg innanfor det som er står att av dei føretrekte habitata deira.

Cistussongar er utbreidd i alle tropiske område og hekkar jamvel i Sør-Europa. Ved fleire høve har han blitt observert som streiffugl nord til England.

Utsjånad og vaner[endre | endre wikiteksten]

Gyllengrassongar, Cisticola exilis, med reir

På grunn av den litle storleiken på rundt 10 cm og den brunlege fjørdrakta, er det lettare å høyre enn å sjå fuglane i denne slekta. Likskapen i fjørdrakta mellom mange arter i slekta kan gjere dei vanskeleg å identifisere, spesielt om vinteren då dei sjeldan kjem ut av graset. Særleg er mange afrikanske artar vanskeleg å skilje anna enn av læte deira.

Hannar av Cisticolas er polygame. Hoa byggjer eit godt skjult reir i djupt i gras. Den gjennomsnittlege storleiken på kullet er ca fire egg, rugetida er ca. to veker. Den parasittiske vevaren gaukvevar har spesialisert seg på Cisticolas og Prinias.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Alle artar i slekta Cisticola i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/download/, henta 12. juni 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  3. Syvertsen, P. O., Norsk navnekomité for fugl (NNKF). Endringer i norske navn på fuglearter i Vest-Palearktis. (Vedlegg) Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 7.8.2014)