Cixi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cixi

Enkjekeisarinne Cixi, ca. 1890.
Fødd29. november 1835
Beijing
Død15. november 1908
Keiserbyen
Tittelkinesisk keisarinne
Hus eller slektAisin Gioro
GravstadDei austlege Qinggravene
LandQing
FarYehenara Huizheng
EktefelleXianfeng-keisaren
BarnTongzhi-keisaren

Enkjekeisarinne Cíxi, kinesisk 慈禧太后, cíxi tàihòu (29. november 183515. november 1908) var ein mektig og karismatisk person som var de facto-leiar av Qing-dynastiet og styrte Kina i det meste av perioden frå 1861 og fram til 1908. Historikarar meiner at ho sannsynlegvis gjorde sitt beste for å handtere sine tids problem, men dei konservative haldningane hennar var ikkje til gagn for henne. Vestlege stormakter kunne dermed utnytte landet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Måleri av Cixi frå midten av 1800-talet.

Cixi var av mandsju-opphav, og blei konkubine til den nye Xianfeng-keisaren i 1851. Ho steig i gradene då ho fekk ein son med keisaren, den einaste mannlege arvingen hans. Då keisaren døydde i 1861 var sonen berre 5 år gamal, og Cixi blei derfor regent saman med enkjekeisarinne Cian. Dei to enkjekeisarinnane, med bror til den avdøde keisaren som rådgjevar, hadde denne posisjonen fram til 1873 då Cixi sin son Tongzhi-keisaren blei myndig.

To år seinare døydde den 19 år gamle Tongzhi utan å ha fått søner. Cixi braut med den normale arvefølgja og utnemnde den tre år gamle nevøen sin til etterfølgjer. Dei to enkjekeiserinnane heldt fram som regentar inntil Cian døydde i 1881. Då blei Cixi dei facto leiar av Kina.

Då nevøen, keisar Guangxu blei myndig forlét Cixi Den forbodne by, men ho heldt fram med å følgje med i kva som skjedde via nettverket sitt av spionar. Etter at Kina hadde tapt Den første kinesisk-japanske krigen (1894-1895) byrja Guangxu å implementere mange reformer som blei kjende under namnet «Dei hundre reformdagane». Som motreaksjon planla og gjennomførte Cixi saman med dei militære og konservative krefter eit kupp som på nytt gjorde henne til aktiv regent. Som ei følgje av dette blei keisaren fange i sitt eige palass.

Under dei følgjande åra låg Cixi for det meste under for hoffraksjonen Jernhattane, ei tradisjonalistisk og utlendingefiendleg gruppering blant dei mandsjuriske prinsane. Dei var dei fremste kreftene bak Boksaropprøret (1899-1900), som var eit opprør mot dei kristne og mot utlendingar. Cixi var blitt overtydd om særleg vondskapen og sedløysa til dei kristne, og trudde på historiene om at katolske nonner grov ut augeepla til barn ved barneheimen deira for å framstille medikament. Hennar støtte til Jernhattane sin kurs var ikkje konsekvent, og det kan sjå ut til at det som fungerte politisk som ei stillteiande støtte var meir realpolitisk motivert av det tilhøvet at ho ikkje hadde moderate politiske krefter rundt seg som ho kunne stole på.

Ho forhindra dermed ikkje at ein beordra dei militære styrkane til ikkje å gripe inn når boksarane gjekk til åtak på utlendingar og kristne og institusjonane deira, og under den lange kringsetjinga av Beitangkirken i Beijing i 1900 fekk dei keisarlege styrkane å forstå at dei godta kunne delta i åtaka.

Då dei utanlandske allierte rykkte nærmare Beijing for å berge dei utanlandske legasjonane, som trudde seg i stor fare, evakuerte enkjedronninga den forbodne byen og drog ut av byen, og etterhvert inn i Shanxi og Shaanxi.

Etter at utanlandske troppar gjorde gjengjeld då dei inntok Beijing og gjekk inn i Den forbodne by og gjennomførte store plyndringar, aksepterte Cixi dei tilbudte og svært onerøse fredsvilkåra. For å mildne situasjonen gjennomførte ho dei reformene som ho nokre år tidlegare hadde forhindra nevøen sin i å gjennomføre.

Ho var framleis leiande, men med mykje mindre makt, fram til døden sin den 15. november 1908. Keisar Guangxu døydde då ho sjølv låg for døden. Det var ein utbreitt antagelse at keisar Guangxu, som døydde dagen før henne, blei forgifta på ordren hennar. Det er likevel ikkje nokre haldbare historiske indisium som peikar mot eit slikt scenario.

Same dagen, men truleg utan å vite kor nær døden ho var, erklærte ho den vesle guten Pu Yi som etterfølgjar på keisartrona.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Cixi har fått eit ettermæle som hard, herskesjuk og grufull. Ho utviste ifølgje den gjengse historieskrivinga eit utvilsamt talent kva gjaldt dei maktpolitiske og diplomatiske manøvrar som var nødvendig for å behalde makta, og var ikkje frøkenaktig i vala sine av verkemiddel for å verne interessene sine. Ikkje desto mindre var «keisarinneenkja» svært populær i det kinesiske folket.

Den britiske propagandaen gjorde mykje for å utvikle, og sterkt overdrive, biletet av henne som ei grufull, maktsjuk og sexhungrig kvinne. Særleg Peking-korrespondenten for The Times, George Ernest Morrison, skildra Cixi som monster og snikmordar. I dag står det fast at Morrison tildels lét seg narre av kjeldene sine, Edmund Backhouse var den viktigaste av desse velinformerte «kjennarane, hans av det kinesiske hoffet», og Morrison var klår over korleis dei puritanske orienterte britane sin skjulte fantasiar fungerte.

I dag er det snarare meint at Cixi knapt forlét Den forbodne By, slik at avgjerdene hennar i høg grad var prisgjeve dei nyheitene og analysane som blei ho fekk av informantar som til tider var nokså manipulerande.

Utover den påverknaden ho hadde på politikk i samtida si er ho òg hugsa for støtta si til kunst, inklusive operaen, og grunnlegginga av Pekings zoologiske hage (1906). Dette skulle seinare bli det første zoo der ein klarte å yngle panda.

Edmund Backhouses forfalskingar[endre | endre wikiteksten]

Briten Sir Edmund Backhouse klarte i 1898 ved overdrivingar og bløff å få noko innpass hos evnukkane ved det keisarlege hoffet. Det han fekk tak i av informasjon derifrå gjorde han til gjenstand for omfattande og fantasifull omarbeiding etter boksaroppstanden, og det munna ut i to propagandatraktar som teikna eit vrengjebilete av enkekeisarinna Cixi og rettferdiggjorde den utanlandske militærintervensjonen, og som i stor grad blei trudd i Vesten. Dermed skapte han han grunnlaget for, eller han forsterka, ei mengd legender og mytar som seinare har vist seg å liggje milevidt frå fakta.

Det var først i 1976 at den britiske historikaren Hugh Trevor-Roper kunne prove at ein viktig tekst som Backhouse bygde på i røyndommen var ein forfalsking utført av Backhouse, og dermed rakna tiltrua ved det meste av det Backhouse hadde kome med i tiåra etter boksaropprøret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Cixi