Cizre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 37°19′30″N 42°11′45″E
Cizre
by
none  Noah-mausoleet i Cizre
Noah-mausoleet i Cizre
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Søraust-Anatolia
Provins Şırnak
koordinatar 37°19′30″N 42°11′45″E
Areal 460 km²
Folketal 94 835
Tettleik 206 / km²
borgarmeister Aydin Budak
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 73xxx
Retningsnummer +(90)486
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: [1]

Cizre (armensk Botan eller Cizîr, gammalsyrisk ܓܙܝܼܪܵܐ Gzira/Gziro) er ein by og eit distrikt i provinsen Şırnak i Søraust-Anatolia i Tyrkia, ved grensa til Syria, like nordvest for den felles grensa med Irak. Innbyggjarane er hovudsakleg kurdarar og assyrarar. Byen ligg ved Tigris som renn nord, aust og sør for byen, som har gjeve byen namnet sitt.

Cizre vart tidlegare kalla Jazīrat ibn ʿUmar (eller Jezira ibn Umar eller Gazarta) arabisk جزيرة ابن عمر, ein viktig by for abbasidane og krossfararane som ein inngangsport til Øvre Mesopotamia og Det armenske høglandet. Tidleg i jernalderen låg Cizre i kongedømet Kumme, nord for Assyria.

I islamsk tradisjon er byen den same som Thamanin, byen grunnlagd av Noah ved foten av Judi der Arken i følgje segna kan ha landa. Både Noah-grava og grava til Mem og Zin ligg i byen.

Varmerekorden i Cizre er 48,9°C frå 30. juli 2000 og dette er den høgaste temperaturen som nokon gong er registrert i Tyrkia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]