Clare Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Clare Island
Lokalt namn Oileán Chliara
Clare Island sett frå Clew Bay
Clare Island sett frå Clew Bay
Geografi
Clare Island is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 53°48′18″N 9°59′37″WKoordinatar: 53°48′18″N 9°59′37″W

Areal 16 km²

Høgaste punkt Clare Island (462 moh.)

Administrasjon
Land Republikken Irland
Grevskap Mayo

Demografi
Folketal 125

Clare Island (Oileán Chliarairsk) er ei kupert øy ved inngangen til Clew Bay i County Mayo i Republikken Irland. Ho er kjend som heimstaden til sjørøvardronninga Grace O'Malley. I dag har øya om lag 125 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gjennom mellomalderen var Clare Island ein del av landområda til O' Malley-familien. Ruinane av tårnhuset til O'Malley, kalla Grace O' Malley si borg, ligg nær moloen på austenden av øya. Eit lite cisterciensarkloster nær sørkysten av øya vart grunnlagd av O'Malley-familien og inneheld O'Malley-grava, ein mogeleg gravstad for Grace O'Malley. Klosteret er kjend for det unike takmåleriet frå mellomalderen. I 1588 forliste eit skip frå den spanske armaden ved Clare Island og mannskapet vart drepen av O' Malley-familien.

Eit framtredande landemerke på øya er fyret, som vart bygd av John Denis Browne, markien av Sligo, i 1806. 29. september 1813 førte ein brann til at delar av tårnet og lanternen vart øydelagd. Tårnet vart bygd opp att i 1818. I 1834 vart fyret råka av eit lynnedslag. Det sylindriske murfyrtårnet er 118 meter høgt og 11 meter på tvers. Etter 159 år i tru teneste vart fyret i 1965 sett ut av drift og erstatta av det moderne fyret på Achillbeg sør for Achill.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Clare Island