Clarence Melvin Zener

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Clarence Zener.

Clarence Melvin Zener (1. desember 190515. juli 1993) var ein amerikansk fysikar. Han var den første som skildra eigenskapane ved nedbrytinga av elektriske isolatorar. Oppdaginga vart seinare utnytta av Bell Labs då dei utvikla zenerdioden, som er kalla opp etter han.

Han var professor ved University of Chicago frå 1945 til 1951, forskingsleiar ved Westinghouse Electrical Corporation fram til 1965 og dekanus ved Texas Agricultural & Mechanical University i 1966-1968, før han vart professor ved Carnegie-Mellon-universitetet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]