Claridge's
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Claridge's er eit luksushotell i Mayfair i London. Det ligg på hjørnet av Brook Street og Davies Street.
Aleksandar av Jugoslavia vart fødd 17. juli 1945 i suite 212 på hotellet. I fylgje tradisjonen skal ein framtidig jugoslavisk konge vere fødd i Jugoslavia. Den britiske regjeringa gjorde difor suiten om til eit suverent jugoslavisk territorium i eit døgn. Dimed kunne han få tittelen kronprins av Jugoslavia.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Claridge's» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2011.