Clarino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skisse av naturtrompet, også kjend som clarino.

Clarino eller klarino (frå det latinske clarus 'klår, høglydt, skingrande') kan visa til ein type trompet eller eit musikalsk register.

Instrumentet som vert kalla clarino har ikkje ventilar, og har eit særleg smalt koppforma munnstykke og har ein smalare mensur enn ein vanleg trompet. Det er om lag dobbelt så langt som ein moderne trompet og produserer ein skarpare tone. Det vert òg kalla barokktrompet, fordi det var mykje brukt i barokken, eller naturtrompet, sidan toneforrådet er basert på naturtonerekkja. Clarino er føregjengaren til signalhorn og den moderne trompeten. Eit kjend døme på virtuost clarinospel er J.S. Bachs Brandenburgkonsert nr. 2.

Omgrepet clarino vert òg nytta for særskilde register når ein spelar trompet eller klarinett. Clarinoregisteret for trompet omfattar dei diatoniske naturtonanen. Clarinoregisteret for klarinett er eit mellomregister som omfattar første overblåsinga i det øvre registeret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]