Clas Brede Bråthen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Clas Brede Bråthen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. november 1968 (55 år)
Drammen kommune
Idrett skihopping

Clas Brede Bråthen (fødd 28. november 1968) er ein norsk tidlegare skihoppar og seinare idrettsleiar. Han vart norsk meister 1994 i normalbakken og var medlem i Mjøndalen IF.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Bråthen hoppa for det norske laget som vann sølvmedalje i laghopping under Ski-VM 1989 i Lahti. Magne Johansen, Ole Gunnar Fidjestøl og Jon Inge Kjørum var dei andre på laget. Individuelt kom Bråthen på tredelt 11. plass i storbakkerennet og vart nummer 15 i normalbakkerennet. Tidlegare i same sesongen vart han nummer tre i eit verdscuprenn i storbakken i Sapporo, bak Matti Nykänen og Dieter Thoma. Det var einaste gongen Bråthen hevda seg i det øvste toppsjiktet i verdscupen.

Bråthen deltok i den tysk-austerrikske hoppveka 1987/88 og 1988/89, med ein 19. plass som best. Under noregsmeisterskapen i normal bakke 1994 i Vegårshei overraska Bråthen med å vinne gullet. På andreplassen kom Lasse Ottesen, som nokre veker seinare vann OL-sølv på Lillehammer.

Besteplasseringar i internasjonale meiterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1988: Nr 9 i Meldal
  • 1988/89: Nr 3 i Sapporo. Nr 11 og 15 under ski-VM i Lahti
  • 1991: Nr 28 i Tauplitz (skiflyging)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Bråthen var i 1996 med på Buskerud sitt lag som vann NM i laghopping.

Bråthen har vore medlem av hoppkomiteen i Norges Skiforbund sidan våren 2001, og no (2011) i fleire år leiar av komiteen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]