Claudio Bravo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Claudio Bravo
Personleg informasjon
Fullt namn Claudio Andrés Bravo Muñoz
Fødd 13. april 1983
Fødestad Loncoche
Høgd 183 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Manchester City
Nummer 1
Ungdomsklubbar
Colo-Colo
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-06
2006-14
2014-16
2016-
Colo-Colo
Spania Sociedad
Spania Barcelona
Man City
123 (0)
229 (1)
70 (0)
23 (0)
Landslag
2004- Chile 119 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. januar 2018
‡ Landslagsmål oppdatert 10. oktober 2017

Claudio Andrés Bravo Muñoz (fødd 13. april 1983) er ein chilensk fotballspelar og keeper for det chilenske landslaget og Manchester City i engelsk Premier League.

Bravo var del av Santiago-klubben Colo-Colo sitt ungdomsakademi. Han debuterte for A-laget i 2002. Snart etter debuten sin vart han skada. Då han kom igjen etter skaden ved midten av 2003, tok han over som førstekeeper for Colo-Colo. Før 2006/07-sesongen gjekk han til Real Sociedad frå San Sebastián i spansk 1. divisjon. Han skal ha kosta 1,2 millionar euro. Han seriedebuterte 22. oktober 2006 i ein 0-0-kamp mot RCD Mallorca. I den første sesongen sin i Spania spelte han i 29 av dei 38 seriekampane. Sociedad rykte ned i 2. divisjon den sesongen. I 2007/08-sesongen var Bravo reservekeeper, men i 08/09-sesongen vann han attende A-lagsplassen. 2009/10-sesongen vart den tredje på rad i 2. divisjon for Sociedad. Bravo skåra mål for første gong i karrieren på eit frispark mot Gimnàstic de Tarragona 14. februar 2010.[1]. Han vart seriemeister i Spania med Barcelona i 2015 og 2016.

Bravo spelte på forskjellige aldersbestemte landslag for Chile. Han debuterte for A-laget 11. juli 2004 mot Paraguay i Copa América i 2004. Han heldt keeperplassen på landslaget under kvalifiseringa til fotball-VM i 2006 og Copa América i 2007. I 2008 og 2009 var han med på landslaget som kvalifiserte seg til fotball-VM i 2010. Han vart landslagskaptein etter at Marcelo Salas la opp på landslaget. Bravo var med på å vinna Copa América med Chile i 2015 og 2016.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gol de falta del portero Bravo - Real sociedad vs Nastic !