Claus Frimann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Claus Frimann (15. mai 174611. oktober 1829) var ein norsk diktar, prest og jordeigar. Han var personellkapellan i VoldaSunnmøre 1771-79 og sokneprest i Davik i Nordfjord i perioden 17811823. Frimann er særleg kjent for diktet Den norske Fisker med den ofte siterte opningsstrofen Ondt ofte lider den Fiskermand. Han fekk tidleg tilnamnet Allmuens Sanger, etter diktsamlinga Almuens Sanger frå 1790.

Innhaldsliste

[endre] Tidlege år

Frimann var fødd og oppvaksen i Selje i Nordfjord, der faren var sokneprest. Han vart undervist først av faren, sidan av ein huslærar. Då Claus var 13 år døde faren, og han vart av mora involvert i styringa av familiens jordeigedomar. Frimann tok til ved universitetet i København i 1762. Etter andreeksamen i 1765 var han huslærar, før han i 1768 avla teologisk embetseksamen.

I 1769 flytta han til Volda, for å lære av Hans Strøm. Frimann vann merksemd for sin skrivekunst, i 1776 fekk han ein litterær pris for eit dikt om fjellet Hornelen. Etter åtte år (1771-79) som kapellan i Volda reiste Frimann til København, på jakt etter embete. I 1779 og 1780 heldt han til i den dansk-norske hovudstaden, der han var med i det Norske Selskab.

[endre] Sokneprest

Frimann vart i 1780 utnemnd til sokneprest i Davik, byrja i stillinga sommaren etter. Hans teologi må i desse åra karakteriserast som pietistisk. Frimann var såleis ingen radikal opplysningsprest. Påverka av Strøm hadde han likevel interesse for folkeopplysning. Frimann gav økonomisk stønad til opplysningsmannen Sivert Aarflot, og hjelpte til med å spreie skriftene hans.

Frimanns forfattarskap må elles kunne sjåast som del av embetsstandens folkeopplysningsprogram. Opplysningstanken ser ein spor av både i verk med åndeleg innhald som salmane og andaktsbøkene, men også i arbeid med timeleg innhald. Det siste gjeld både dei diktsamlingane som vert haldne for å vere Frimanns viktigaste, og i prosaverk. Han nyttar til dømes sjangrar som læredikt, fablar, satire og heidersdikt, diktformer som eignar seg til spreiing av kunnskap og opplæring i moralsk livsførsel. Eit embets-aristokratisk ovanfrå-og-ned-perspektiv er lett synleg i desse tekstane.

Frimann skreiv både andaktsbøker og salmar. Kristensynet hans nærma seg rasjonalismen frå 1780-åra av. I leiande, geistlege krinsar på 1800-talet vart det tatt lite nådig opp. Frimanns teologiske ståstad var truleg medverkande til at ingen av hans salmar kom med i Landstads salmebok. No høyrer ikkje Frimanns salmar til den levande, norske salmetradisjonen.

[endre] Diktar

Jamsides embetsgjerninga var Frimann aktiv forfattar, både som lyrikar og prosaforfattar. Han hadde lenge hug til å skrive dikt i såkalla høgare stil, men nøgde seg etter kvart med å skrive folkelege songar.

Frimann lærde bygdene og livskåra til gagns å kjenne, noko som viser att i dikta hans. Dikta og visene hans gir konkrete og truverdige utrykk for livet slik det vart levd og opplevd i kyst-Noreg. I det førnemnte Den norske Fisker teiknar diktaren eit livfullt bilete av fiskarheimen. Dikt av liknande slag finst i Poetiske Arbeider (1788), Almuens Sanger (1790) og Den syngende Søemand (1793). Hvad jeg bedst kjender, kan jeg bedst synge om, skriv han i forordet til Almuens Sanger. Til ulike høve skreiv Frimann mange hyllingsdikt og minnedikt.

Etter 1780 hadde Frimann avgrensa kontakt med det litterære miljøet i København, og hans folkelege dikt og viser var lenge lite akta av folk i dei høgre stender.

Skildringane om sjøfolk og fiskarens liv og virke fekk eit mykje lengre liv enn dei fleste av dei dikta som hans samtidige prisa. Språklege konkretiseringar gjorde Frimanns dikt meir nærverande enn den flyktige, romantiske lyrikken. Talet på folkelege melodiar som vert knytt til visene hans er teikn på at visene levde på folketunga. Nettopp fordi Claus Frimanns dikt var så lite tidstypiske, er han ein av dei få diktarane frå det seine 1700-talet med lyrikk som har hatt lang levetid.

[endre] Jordeigar

Frimann var stor jordeigar, og kom ikkje heilt godt ut av det med kyrkjelyden. Hans virke som prest samstava ofte dårleg med hans økonomiske interesser. Nidkjære disposisjonar han føretok i eigenskap av jordeigar og forretningsmann førde han inn i konfliktar med mange leiglendingsbønder. Attåt dette var han ein mann som verna om embetsstandens posisjonar. Med sine store inntekter som jordeigar og frå fiskeri bygde han eit herskapshus nær ved prestegarden. Her budde han sine siste år, som ein av Nordfjords mektigaste menn.

[endre] Ymse

Han var kommandør av den danske Dannebrogsordenen.

Frimanns gate i Oslo er oppkalla etter han.

[endre] Eit utval verk

  • Fieldet Horneelen i Norge, i Forsøg i de skiønne og nyttige Videnskaber 6, 12. stykke, København 1777, s. 51–78
  • Sange over Evangelierne, København 1780
  • Andagts-Øvelser og gudelige Tanker for Almuen, København 1785
  • Den norske Fisker, i Poetiske Arbeider, 1. samling, København 1788, 2. samling (også med tittelen Poetisk Eftersamling), Bergen 1826
  • En Birkebeener-Sang, i Almuens Sanger, København 1790
  • Den syngende Søemand, Bergen 1793
  • Frimanns Søe-Cabinet eller gudelig Haandbog for Søefolk, København 1793
  • Frimanns Nyeste, originale Psalmer, København 1794
  • Lehnsmand og Dannebrogsmand Sivert Aarflots Minde, Ekset 1819 (ny utg. 1885)
  • Den Bergenske Musea, 1829
  • Udvalg af Claus Frimanns Digte, utg. av J. S. Welhaven, 1851
  • Claus Frimanns mindre Digte. En Sangbog for alle og enhver, unge og gamle, Bergen 1899

[endre] Kjelder

  • Norsk Allkunnebok, IV. Bandet. 1952.
  • Francis Bull sin biografi i Norsk Biografisk Leksikon, bind 4. 1929
  • Kaare Støylen: Claus Frimann. Almuens sanger. Bergen 1955
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk