Clavinet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Clavinet | |
Clavinet D6, den mest populære modellen, som vart lansert i 1971 |
|
| Tangentinstrument | |
|---|---|
| Andre namn | Clav, clavi |
| Speleregister | |
|
F1 – E6 |
|
| Liknande instrument | |
| Byggarar | |
Clavinet er eit elektromekanisk musikkinstrument som vart produsert av selskapet Hohner i ulike modellar mellom 1964 og 1982. Instrumentet er ein slags elektrisk forsterka klavikord. Clavinetten har tangentar med gummikledde metalltunger på undersida, som slår på dei respektive strengane sine (vanlege elgitarstrengar), der lydane vert fanga opp av to lange mikrofonar (s.k. «Single-Coil»-mikrofonar), for sidan å bli forsterka via ein ekstern instrumentforsterker.
Clavinetten er mest brukt innan funk og reggae, men vert òg nytta i alle typar popmusikk.
Modellar [endre]
Clavineten kom på 1960-talet ut i ei mengd ulike modellar. Dei fleste hadde 60 tangenter med tilhøyrande 60 strenger, noko som gav han eit omfang på fem oktavar.
- Clavinet I
- Clavinet II
- Clavinet L
- Clavinet C
- Clavinet D6
- Clavinet E7
- Clavinet/Pianet duo
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Clavinet» frå Wikipedia på bokmål, den 23. januar 2011.