Clear Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Clear Island
Lokalt namn: Oileán Chléire
Geografi
Clear Island is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 51°26′N 09°30′WKoordinatar: 51°26′N 09°30′W
Administrasjon
Land Irland
Grevskap County Cork
Demografi
Folketal Over 100

Cape Clear Island (irsk: Oileán Chléire) ligg sørvest for County Cork i Republikken Irland. Han er den sørlegaste busette delen av landet og har litt over 100 innbyggjarar. Ho dannar ein del av Gaeltacht, som tyder at ho er ein av få stader på Irland der irsk språk framleis vert nytta.

Øya er delt i ein austleg og ein vestleg del av eit eid. Det går båtruter frå North Harbour til Schull og Baltimore på fastlandet. South Harbour er ein populær fortøyingsplass for lystbåtar.

Øya er kjend som fødestaden til St. Ciarán, for festninga Dún an Óir og for fuglelivet, inkludert teist og lomvi, skarv og havsvale. Selar, brugder og delfinar held til i området rundt øya, medan strandnellik og vivendel er vanlege planter på land.

Cape Clear har óg eit fyr og eit fugleobservatorium.

Øya har ein skule som vart bygd i 1897.

Kvart år i september er Cape Clear vert for ein internasjonal eventyrfestival, som vart halden første gong i 1994.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]