Cleng Peerson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Cleng Peerson (17. mai 178316. desember 1865) var ein norskamerikansk utvandringspioner.

Cleng Peerson var fødd og oppvaksen på den einbølte garden Hesthammar i Tysvær[1]. I 1821 reiste han til USA på oppdrag frå ei gruppe kvekarar i Stavanger for å undersøka mogleiken for å slå seg ned der. Peerson og sambygdingen Knut Olson Eide brukte tre år på granskinga. Han fann ein passande stad nær Ontariosjøen i staten New York, og i 1825 la seglbåten «Restauration» ut frå Stavanger med 52 utvandrarar om bord.

Den første gruppa slo seg ned nær Kendall i Orleans County. Seinare etablerte Peerson fleire nye busettingar stadig lenger vest: i 1834 ved Fox River i La Salle County i Illinois, og i 1843 i Shelby County i Missouri.

Frå 1850 budde Cleng Peerson i Texas, først i Dallas County og frå 1854 i Bosque County, der han døydde.

Cleng Peerson var gift to gonger, i 1807 med den meir enn 30 år eldre Ane Cathrine Sælinger, og i 1848 med den 26 år yngre Maria Dahlgren. Sjølv om han samarbeidde med kvekarane var han aldri medlem av deira kyrkjesamfunn. Seinare i livet var han laust knytt til eit svensk kristen-kommunistisk samfunn i Illinois.

Peerson kalla seg sjølv for «den norske utvandringas far». Han og dei tidlege utvandrarane er skildra i tre romanar av Alfred Hauge: Hundevakt (1961), Landkjenning (1964) og Ankerfeste (1965). I samband med 150-årsjubileet for Restauration-ferda blei Cleng Peerson avbilda på eit norsk frimerke i 1975.[2]

Kjelder [endre]

Fotnotar [endre]

  1. http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=22&filnamn=f1801&gardpostnr=33259&personpostnr=482107&merk=482107#ovre
  2. nb.no

Bakgrunnsstoff [endre]