Clew Bay
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Clew Bay (irsk Cuan Mó) er ei bukt i County Mayo på Irland. Ho inneheld mange drumlinar. I følgje segna er det ei øy i bukta for kvar dag i året. Ovanfor bykta ligg Croagh Patrick, det heilage fjellet på Irland. Clare Island ligg ved inngangen til bukta. Frå den sørvestlege delen av bukta og austover ligg Louisburgh, Lecanvey, Murrisk og Westport. Nord for Westport ligg Newport og vestover frå her ligg Mulranny, porten til Achill. Frå sørsida av bukta, mellom Clare Island og Achill kan ein sjå Bills Rocks.
Clew Bay var O'Malley-familien sin eigedom i mellomalderen, og er særleg forbunde med Grace O'Malley. I bukta ligg óg Dorinish, ei privat øy kjøpt av John Lennon i 1967.
Sjå óg [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Gweebara Bay frå Engelsk Wikipedia .