Clitunno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Clitunno
Utspring Nær byen Campello sul Clitunno
Munning Topino
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 60 km

Clitunno, i antikken kalla Clitumnus, er ei elv i Umbria i Italia. Namnet har ukjend opphav, men det vart òg nytta om ein elvegud. Clitunno har sitt utspring frå ei kjelde like ved den gamle vegen Via Flaminia nær byen Campello sul Clitunno mellom Spoleto og Trevi. Kjelda vart rekna som ein svært vakker stad av romarane.

Clitunno renn 60 km over den austlege umbriske sletta, forbi Tempietto del Clitunno og byane Pissignano, Cannaiola, Trevi og Bevagna før ho munnar ut i Topino, ei sideelv til Tiber, nær Cannara. Elva renn sakte, men stundom kan det oppstå brå flaumar, som med mange av dei andre elvane i Umbria. På 1800-talet vart det bygd dike langs elva for å hindre flaum.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]