Close to the Edge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Close to the Edge
Studioalbum av Yes
Utgjeve 13. september 1972
Innspelt april–juni 1972
Sjanger Progressiv rock
Lengd 37:51
Selskap Atlantic
Produsent Yes and Eddie Offord
Kritikk
Yes-kronologi
Fragile
(1971)
Close to the Edge Tales From Topographic Oceans
(1973)

Close to the Edge er det femte albumet til det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i september 1972. Albumet består av tre lange komposisjonar, der dei to første er inndelt i fleire satsar med eigne titlar. Albumet er nærast ein definisjon av omgrepet progrock.

Albumet kom på tredjeplass på Billboard 200 i USA, og på fjerdeplass plass på UK Albums Chart i Storbritannia.[5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bandet nyttar her den episke komposisjonsstilen til den ytste grensa si (bokstaveleg talt «close to the edge»), og Yes presenterer her det som blir rekna som dei største kreative høgdepunkta deira. Tekstene er i følgje Jon Anderson inspirert av Herman Hesse-boka Siddhartha, og er sterkt prega av mystikk og andelegheit. «And You And I» og «Siberian Khatru» har sidan utgjevinga vorte spelt på nærast alle av konsertane sine.[6]

Straks etter at albumet var ferdig innspelt sommaren 1972, avgjorde Bill Bruford å forlate bandet. Alan White vart raskt valt som erstattaren til Bruford. White spelar ikkje på albumet, men måtte lære seg det i løpet av tre dagar – før den neste turné til bandet starta. Bruford tilbaud seg å bli med på dei første konsertane for å «lære opp» Alan White, men White og resten av bandet takka høfleg nei, og det var berre White som spelte trommer på den påfølgjande turneen.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock, hamna albumet på tredjeplassen på lista «40 Cosmic Rock Albums».[7] Albumet er òg omtalt i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Progarchives.com kåra albumet til det beste progrockalbumet gjennom tidene i 2006. Guitar World rangerte albumet på 67. plass på lista deira over dei 100 beste gitar albuma gjennom tidene.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Close to the Edge»
  • «The Solid Time of Change»
  • «Total Mass Retain»
  • «I Get Up, I Get Down»
  • «Seasons of Man»  
Jon Anderson, Steve Howe 18:43
2. «And You and I»
  • «Cord of Life»
  • «Eclipse»
  • «The Preacher the Teacher»
  • «Apocalypse»  
Jon Anderson, Steve Howe, Bill Bruford, Chris Squire 10:08
3. «Siberian Khatru»   Jon Anderson, Steve Howe, Rick Wakeman 8:55
Bonusspor 2003-utgåva
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
4. «America» (singelversjon) Paul Simon 4:12
5. «Total Mass Retain» (singelversjon) Jon Anderson, Steve Howe 3:21
6. «And You and I» (alternativ versjon) Jon Anderson, Steve Howe, Bill Bruford, Chris Squire 10:17
7. «Siberia» (studiogjennomgang av «Siberian Khatru») Jon Anderson, Steve Howe, Rick Wakeman 9:19

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ny-utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1988 – Atlantic – CD
  • 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
  • 2001 – Japansk Limited Edition
  • 2003 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]