Closing Time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Closing Time
Studioalbum av Tom Waits
Utgjeve Mai 1973
Innspelt Sunset Sound i Hollywood i USA
Sjanger Rock, jazz, viser
Lengd 45:46
Selskap Asylum
Produsent Jerry Yester
Tom Waits-kronologi
Closing Time The Heart of Saturday Night
(1974)

Closing Time er debutalbumet til Tom Waits frå 1973 for Asylum Records.

Det første albumet til Tom Waits er eit roleg album med mange vise og jazzprega songar med ein atmosfære som ein sein kveld i ein pianobar. Albumet opnar med balladen «Ol' '55», som seinare vart ein hit for The Eagles, som spelte han inn i 1974 for albumet deira On the Border. Sjølv om albumet fekk gode kritikkar var det først etter at Eagles gav ut denne songen at folk fekk augene opp for Tom Waits sitt album. Andre visesongar er «I Hope That I Don't Fall in Love With You» og pianoballadane «Martha», «Rosie» og «Grapefruit Moon», medan «Virginia Avenue», «Midnight Lullaby» og «Little Trip to Heaven (On the Wings of Your Love)» er meir jazzprega. Songen «Midnight Lullaby» opnar med nokre linjer frå den engelske barnesongen «Sing a Song of Sixpence».

I motsetnad til kva mange trur så er songen «Ice Cream Man» ein original song av Tom Waits og ikkje ein coverversjon av John Brim sin bluesstandard med same namn. Waits sin versjon vart derimot spelt av Screamin' Jay Hawkins i 1993.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skriven av Tom Waits.

  1. «Ol' '55» – 3:58
  2. «I Hope That I Don't Fall in Love With You» – 3:54
  3. «Virginia Avenue» – 3:10
  4. «Old Shoes (& Picture Postcards)» – 3:40
  5. «Midnight Lullaby» – 3:26
  6. «Martha» – 4:30
  7. «Rosie» – 4:03
  8. «Lonely» – 3:12
  9. «Ice Cream Man» – 3:05
  10. «Little Trip to Heaven (On the Wings of Your Love)» – 3:38
  11. «Grapefruit Moon» – 4:50
  12. «Closing Time (instrumental)» – 4:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]