Clouds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Clouds
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve mai 1969
Innspelt 1969
A&M Studios, Hollywood
Sjanger Folkrock
Lengd 37:39
Selskap Reprise
Produsent Joni Mitchell,
Paul Rothchild på «Tin Angel»
Kritikk
Joni Mitchell-kronologi
Song to a Seagull
(1968)
Clouds Ladies of the Canyon
(1970)

Clouds er det andre albumet til Joni Mitchell og kom ut i 1969. Det har eit enkelt arrangement og er stort sett berre vokalen til Mitchell og hennar akustiske gitar. All Music skildrar «Songs to Aging Children Come» som ein song med «kanskje den mest merkverdige sofistikerte akkordsekvensen i heile popverda»,[1] med akkordar kromatisk knytt til tersar.[2][3]

Særleg kjende songar på albumet er «Both Sides, Now», som Mitchell hadde skrive for andre, men først spelt inn sjølv for dette albumet, og «Chelsea Morning».[4]

Plateomslaget syner heimbyen til Mitchell, Saskatoon i Canada, som syner South Saskatchewan River som renn gjennom byen og Bessborough Hotel, eit historisk jernbanehotell.

I 1970 vann Clouds ein Grammypris for beste visealbum for 1969.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Tin Angel»   04:09
2. «Chelsea Morning»   02:35
3. «I Don't Know Where I Stand»   03:13
4. «That Song About the Midway»   04:38
5. «Roses Blue»   03:52
Side to
# Tittel Lengd
6. «The Gallery»   04:12
7. «I Think I Understand»   04:28
8. «Songs to Aging Children Come»   03:10
9. «The Fiddle and the Drum»   02:50
10. «Both Sides, Now»   04:32

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Henry Lewy – lydteknikar
  • Joni Mitchell – gitar, klaver, vokal, plateomslag
  • Paul Rothchild – produsent
  • Stephen Stills – bass, gitar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cleary, David. "Clouds - Joni Mitchell", AllMusic. Henta 19. januar 2011
  2. "Harmonic Palette i Early Joni Mitchell", s.173. Author(s): Lloyd Whitesell. Source: Popular Music, Vol. 21, nr. 2, (Mai 2002), s. 173-193. Utgjeve av: Cambridge University Press.
  3. For filmen Alice's Restaurant av Arthur Penn, Arlo Guthrie og Venable Herndon frå 1969, vart Songs To Aging Children Come spelt inn på ny og framført av Tigger Outlaw i eit arrangement for vokal og gitar som musikk under ei gravferd. Mitchell sin song vart rekna som vesentleg for den «uvanlege filmkunsten» og «vakre» karakteren til scenen (Vincent Canby, "Movies: Alice's Restaurant", New York Times, 08-25-1969). Mitchell skulle opphavleg framføre songen sjølv, men avslo etter at ho ikkje var nøgd med honorara frå filmprodusentane (Joni Mitchell, Biography: 1968-1970 Emerging Popular Artist).
  4. Joni Mitchell, Biography: 1968-1970 Emerging Popular Artist, JoniMitchell.com.