Club 7

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det norske bluesbandet Public Enemies spelar på Club 7 i oktober 1966.
Foto: Ørsted, Henrik / Oslo Museum
I denne bygningen, som har plassen framfor hovudinngangen til Oslo Konserthus som tak, og som no hyser Stenersenmuseet, hadde Club 7 sine lokale siste tida. Den sterkt trafikkerte Munkedamsveien passerer mellom denne bygningen og sjølve konserthuset, under det glas- og metallkledde bygget som utgjer inngangen og forhallen til konserthuset.

Club 7 (som tradisjonelt skal uttalast som klubb-sju med trykket på klubb) var ein kulturell klubb og utestad i Oslo som var verksam frå 1963 til 1985 med aktivitetar innan teater, poesi, jazzmusikk og visesong, og som vart ein samlingsstad for dei som slutta seg meir eller mindre heilhjarta til tidas radikale motkultur i Noreg. I programmet for klubben stod det at «i Club 7 kan man bære sin hatt som man vil, så lenge man også lar andre gjøre det». Alle over 20 år kunne verte medlem.

Foreningen Club 7 hadde sitt fyrste møte i Kafé René på Lilletorget i Oslo hausten 1963. Attila Horvath og Odd Schou var sentrale personar i startfasen. Båe var medlemmar av Studentteateret, og fekk delar av skodespelarstaben til å stø opp om tiltaket, mellom andre lyrikaren Kate Næss, som gav klubben namnet. Etter kvart kom òg skodespelaren Sossen Krohg med, og ho vart den drivande krafta bak klubbens eksperimenterande teater, Scene 7.

Club 7 hadde i åras løp tilhald på ulike stader i Oslo sentrum: Drammensveien 64, på Edderkoppen teater på St. Olavs plass og på restaurant Kongen, som ligg i Frognerkilen, men fekk i 1971 faste lokale i den såkalla D-blokka av Oslo Konserthus i Vika, det vil seie den bygningen som har plassen framfor hovudinngangen til konserthuset som tak. Klubben gjekk konkurs i 1985, særleg på grunn av at Oslo kommune ikkje ville gje den økonomiske stønaden som var naudsynt.

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Club 7 hadde ein eller fleire tilsette, med Attila Horvath som dagleg leiar. Han var ansvarleg andsynes styret. Den årlege generalforsamlinga var det avgjerande organet. Klubben stod for ein rad aktivitetar på ulike område, som vart styrt av kvart sine eigne utval:

  • Galleri
  • Filmframvisingar,
  • Eksperimenterande teater (Scene 7)
  • Bibliotek
  • Konsertar med norske og utanlandske blues-, jazz- og folkemusikarar,
  • Eiga avis
  • Kafé med servering av mat, øl, vin og leskedrykkar, og med arrangement for born, debattar og dans.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

NorgesLexis nettutgåve av PaxLeksikon.