Club alpin français

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

La Fédération française des clubs alpins et de montagne (FFCAM), ofte kjend under det tradisjonnelle namnet Club alpin français (CAF), er ein fransk føderasjon av klubbar knytt til bruk og vern av fjell.[1]

Club alpin français blei grunnlagd i 1874. Han fekk namnet «Fédération des Clubs Alpins Français» i 1996 og «Fédération Française des clubs alpins et de montagne» i 2004. Føderasjonen er medlem av Union internationale des associations d'alpinisme og Club Arc Alpin.[1]

Det er 285 underorganisasjonar med i Club alpin français. Dei driv med aktivitetar som klatring, turgåing, canyoning, holeutforsking, fjellsykling, hanggliding, paragliding og ulik bruk av ski og truger. Organisasjonen driv 128 fjellhytter og -senter.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]