Cluj-Napoca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cluj-Napoca
Horisonten til Cluj-Napoca
Byvåpenet til Cluj-Napoca
Byvåpenet til Cluj-Napoca


Plassering
Cluj-Napoca is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Cluj
Grunnlagd 1213
Borgarmeister Emil Boc
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

179,5 km²
782.7 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

310 243
  1 728,4 /km²
352 646
Koordinatar 46°46′0″N 23°35′0″EKoordinatar: 46°46′0″N 23°35′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 400xyz
Retningsnummer (tlf) +40 x64
Bilnummer CJ-N
Nettstad: www.primariaclujnapoca.ro

Cluj-Napoca (/'kluʒ na'poka/; tysk Klausenburg; latinsk Napoca, Castrum Clus, Claudiopolis; ungarsk Kolozsvár; jiddisk קלויזנבורג), fram til 1974 Cluj, er den tredje største byen i Romania,[2] og administrasjonssete i Cluj fylke nordvest i Transilvania. Geografisk ligg han om lag midt mellom Bucureşti (323 km), Budapest (354 km) og Beograd (327 km). Byen ligg i dalen til elva Someşul Mic og var hovudstad i den histoiske provinsen Transilvania.

Byen har om lag 310 000 innbyggjarar[2], medan storbyområdet har om lag 350 000 innbyggjarar.

Byen er sentrert rundt St. Mikael-kyrkjaUniriiplassen frå 1300-talet og som er kalla opp etter erkeengelen Mikael, vernehelgenen til Cluj-Napoca.[3] Kommunen har eit areal på 179,52 km².

Cluj-Napoca opplevde ein nedgang i 1990-åra og fekk eit dårleg internasjonalt rykte på grunn av politikken til borgarmeisteren på denne tida, Gheorghe Funar.[4] Dei etniske provokasjonane hans mot den ungarsktalande minoriteten i byen hindra investorar i å kome til byen, men dette endra seg etter han vart kasta ut og byen utvikla seg raskt både økonomisk og demografisk. I følgje nylege tal kan innbyggjartalet ha vorte dobla i slutten av 2010-åra.[4] I dag er byen eit av dei viktigaste sentra for utdanning, kultur, industri og handel i Romania. Her ligg mellom anna det største universitetet i landet, Babeş-Bolyai universitet med den kjende botaniske hagen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Clavdiopolis, Coloswar vulgo Clavsenbvrg, Transiluaniæ ciuitas primaria“. Djuptrykk av Cluj av Georg Houfnagel (1617)

Romarriket erobra Dakia i 101 e.Kr. og 106 e.Kr. under regjeringstida til Trajan og den romerske busetnaden Napoca vart så grunnlagd. Trajan sine etterfølgjar Hadrian gav Napoca status som municipium kalla municipium Aelium Hadrianum Napocenses. Seinare på 100-talet fekk Napoca status som romersk koloni kalla Colonia Aurelia Napoca.[5]. Napoca vart så provinshovudstad i Dacia Porolissensis. Romarane reiste frå kolonien i 274.[6] Dei neste tusen åra har ein ikkje funne spor etter busetnader her.[7]

I byrjinga av mellomalderen byrja ein ny busetnad å utvikle seg rundt ein trefestning kalla Cluj-Mănăştur (Kolozsmonostor).[8][9] Sjølv om ein ikkje veit nøyaktig kva tid ungararane erobra Transilvania har ein datert dei tidlegaste ungarske funna til første halvdel av 900-talet.[10] Byen vart ein del av Kongedømet Ungarn og kong Stefan I gjorde byen til sete for fylket Kolozs og kong Ladislaus I av Ungarn grunnla klosteret Cluj-Mănăştur (Kolozsmonostor), som vart øydelagd av tatarar i 1241 og 1285.[8] Den nye landsbyen vart busett av transilvanske saksarar på 1200-talet.[11] Busetnaden vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1285 i eit dokument frå kong Ladislaus IV av Ungarn, då landsbyen (Villa Kulusvar) vart gjeven til biskopen av Transilvania.[12] 19. august 1316, under styret til den nye kongen Karl I av Ungarn fekk Cluj bystatus etter at saksarane i byen var med på å slå opprøret til den transilvanske voivoden László Kán.[12]

Mange handverkarar slo seg ned i byen på andre halvdel av 1200-talet og eit aristokrati basert på handel og handverksproduksjon erstatta den eldre eliten som hadde styrt byen. [13] Byen fekk privilegium av Sigismund av Luxembourg i 1405 slik at byen kunne velje eit byråd på 12 personar kvart år.[14] Etter kvart vart det avgjort at halvparten av byrådet skulle bestå av ungarar og den andre halvparten av saksarar, og at styret av rådet skulle rotere frå år til år.[15] I 1541 vart Klausenburg ein del av det sjølvstendige Fyrstedømet Transilvania etter at Det osmanske riket okkuperte den sentrale delen av Kongedømet Ungarn og byen opplevde ein periode med økonomisk og kulturelt oppsving..[15] Sjølv om Alba Iulia var den politiske hovudstaden for fyrstane av Transilvania, fekk Klausenburg mykje støtte av fyrstane og byen hadde band til dei viktigaste byane i Aust-Europa på denne tida, som Košice, Kraków, Praha og Wien.[14]

Både lutherske og calvinistiske rørsler oppstod i byen på 1500-talet, men i 1571 vedtok dietten i Turda den meir radikale unitarianismen som hadde ei meir fri tolking av Bibelen og nekting av Treeininga[16] Stephen Báthory grunnla eit jesiuttakademi i Klausenburg som ei motreformasjonsrørsle, men dette hadde lite suksess.[16] I ein periode på eitt år, i 1600–1601, vart Cluj ein del av personalunionen til Mihai Viteazul.[17][18] Med Carlowitztraktaten i 1699 vart Klausenburg ein del av Habsburgmonarkiet.[19]

New York-palasset

På 1600-talet vart Cluj råka av pest og store brannar.[16] Mot slutten av hundreåret enda suvereniteten til tyrkarane, men byen var utan mykje av rikdomen og priviliegia dei hadde hatt, var lite politisk viktig og hadde få innbyggjarar att.[20] Han vart gradvis viktig i Transilvania igjen som hovudkvarteret til Gubernium og diettane mellom 1719 og 1732 og igjen frå 1790 og fram til den ungarske revolusjonen i 1848, då Gubernium flytta til Hermannstadt.[21]

Frå 1830 var byen senteret for den ungarske nasjonalrørsla i fyrstedømet.[22] Dette braut ut med den ungarske revolusjonen i 1848, der austerrikarane på eit tidspunkt fekk kontroll over Transilvania og fanga ungararane mellom to flankar. Den ungarske hæren, leia av den polske generalen Józef Bem, gjekk til åtak på Transilvania og gjenerobra Klausenburg jula 1848.[23] Etter revolusjonane i 1848 vart det innført eit eineveldig regime, etterfølgd av eit liberalt regime som kom til makta i 1860. Det var i denne perioden at rumenarane fekk like rettar som ungararane, men det var ikkje lenge og i 1865 avskaffa dietten i Cluj lovene som gav dei desse rettane og gjekk tilbake til lovene frå 1848 som omfatta unionen mellom Transilvania og Ungarn.[24] Før 1918 var den einaste rumensktalande skulen i byen ein grunnskule styrt av kyrkja og det første rumenske tidsskriftet kom først i 1903.[20]

Etter det austerriksk-ungarske kompromisset i 1867 vart Klausenburg og heile Transilvania igjen ein del av Kongedømet Ungarn. På denne tida var Kolozsvár ein av dei største og viktigaste byane i kongedømet og sete i Kolozs fylke. Tilhøva for dei etniske rumenarane i Transilvania var derimot dårlege på grunn av undertrykking og forfølging..[25] Dette førte til at det vart sendt ein underskriftskampanje i 1892 av dei rumenske politiske leiarane i Transilvania til den austerrikske keisaren Frans Josef der dei bad om like rettar med ungararane og kravde at forfølgingane og madjariseringa tok slutt.[25] Keisaren sende dokumentet vidare til Budapest og forfattarane av dokumentet, mellom anna Ioan Raţiu og Iuliu Coroianu, vart stilte for retten og dømde til lange fengselsstraffer for «høgforræderi» i Kolozsvár/Cluj i mai 1894.[26] Under rettsaka kom om lag 20 000 menneske til Cluj for å demonstrere i gatene og støtte dei tiltalte.[26]

Det sentrale universitetetsbibliotekt

26. september 1895 vitja keisar Frans Josef den nærliggande Bánffy-Hunyad etter at den ungarske hæren flytta seg ut av Transilvania, og han vart teken godt imot av innbyggjarane, som bygde ein boge til ære for hendinga.[27] I 1897 avgjorde den ungarske regjeringa at berre ungarske stadnamn skulle nyttast og forbaud bruk av tyske og rumenske utgåver av bynamn i offisielle dokument.[28]

Hausten 1918 gjekk den første verdskrigen mot slutten og Cluj vart senter for revolusjonsaktivitet, leia av Amos Frâncu.[29] Trettini delegatar vart vald frå Cluj for å delta i kunngjeringa av unionen med Kongedømet Romania i Alba-Iulia den 1. desember 1918,[29], seinare anerkjend av Trianontraktaten.[30] I mellomkrigstida utførte dei nye styresmaktene eit «romaniseringsprosjekt». I 1939 dominerte ungararane derimot framleis den lokale økonomien og det var t.d. fem ungarske dagsaviser i Cluj og berre ei rumensk. [31] I 1940 vart Cluj i lag med resten av Nord-Transilvania gjeven tilbake til Ungarn av Nazi-Tyskland og Italia.[32]. Etter at tyskarane okkuperte Ungarn i mars 1944 og innførte eit marionettstyre under Döme Sztójay der,[33][34] vart det utført jødeforfølgingar på stor skala i byen, og mange av jødane vart flytta til ein getto kalla Iris.[32] Dei fleste av jødane vart deporterte til Auschwitz i mai og juni 1944 og 16 148 av dei mista livet der.[32] Nokre jødar klarte å rømme over grensa til Romania.[32] 11. oktober 1944 vart Cluj erobra av rumenske og sovjetiske troppar,[32][35] og vart formelt ein del av Kongdømet Romania etter Paristraktatane i 1947.

Palass ved elva Someş

Ungararane vart verande den største folkegruppa i byen fram til 1960-åra, då rumenarane tok over,[36] på grunn av stor innflytting som følgje av industrialiseringa av byen.[37] I 1974 feira byen 1850-årsjubileum etter første gong Napoca vart nemnd, og kommuniststyret endra namnet på byen til Napoca.[38]

Under den rumenske revolusjonen i 1989 var det store opprør i Cluj-Napoca. 26 menneske mista livet og 170 vart skadd som følgje av opprøret.[39] Etter det totalitære regimet enda vart den nasjonalistiske politikaren Gheorghe Funar borgarmeister og styrte byen i 12 år. Politikken hans var prega av sterk rumensk nasjonalisme og etniske provokasjonar mot dei ungarske minoritetane i byen. Dette hindra utanlandske investorar å slå seg ned i byen;[4], men i juni 2004 vart ikkje Funar vald inn igjen. Etter dette opplevde byen ein periode med rask vekst, både økonomisk og demografisk..[4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kjelder i teksten[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketal i Romania 1. juli 2007
  2. 2,0 2,1 Populaţia la 1 iulie 2007 pe localităţi (rumensk). Rumensk statiatisk nasjonalinstitutt (1. juli 2007). Vitja 8. juli 2008.
  3. Catedrala "Sf. Mihail" (rumensk). Clujonline.com. Vitja 8. juli 2008.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Cluj: Buzz grips university town. Financial Times (26. mars 2008). Vitja 8. juli 2008.
  5. Lazarovici et al. 1997, p.17 (2.7 Napoca romană)
  6. Lazarovici et al. 1997, s.202-3 (6.2 Cluj in the Old and Ancient Epochs)
  7. Brubaker eit al. 2006, p.89
  8. 8,0 8,1 Lazarovici et al. 1997, s.32 (3.1 De la Napoca romană la Clujul medieval)
  9. Alicu 2003, s.9
  10. Alexandru Madgearu (2001) Românii în opera Notarului Anonim – utgjevingsstad ikkje oppgjeven. ISBN 973-577-249-3.
  11. O istorie inedită a Clujului - Cetatea coloniştilor saşi (rumensk). ClujNet.com. Vitja 16. mars 2008.
  12. 12,0 12,1 Lazarovici et al. 1997, s.204 (6.3 Medieval Cluj)
  13. Brubaker eit al. 2006, s.89-90
  14. 14,0 14,1 Lazarovici et al. 1997, s .38 (3.1 De la Napoca romană la Clujul medieval)
  15. 15,0 15,1 Brubaker et al. 2006, s.90-1
  16. 16,0 16,1 16,2 Lazarovici et al. 1997, s.205 (6.3 Medieval Cluj)
  17. Cristina Martâniuc. Probleme actuale ale calităţii de subiect de drept internaţional public contemporan (rumensk )). CNAA (Republic of Moldova). Vitja 17. mars 2008.
  18. George Ciorănescu (1976) Michael the Brave - Evaluations og Revaluations of the Walachian Prince – Radio Free Europe Research: RAD Background Report/191.
  19. Treaty of Carlowitz (2008). Vitja 8. juli 2008.
  20. 20,0 20,1 Brubaker et al. 2006, s.91
  21. Lazarovici et al. 1997, s.42,44,68 (3.1 De la Napoca romană la Clujul medieval; 4.1 Centru al mişcării naţionale)
  22. Lazarovici et al. 1997, s.206 (6.4 Cluj in Modern Times)
  23. Bem's Campaign in Transylvania; Revolutionary Consolidation og Its Contradictions. MEK (Hungarian Electronic Library). Vitja 7. juli 2008.
  24. Lazarovici et al. 1997, s.206 (6.4 Cluj in Modern Times)
  25. 25,0 25,1 Lazarovici et al. 1997, pp.74-5 (6.4 Centru al mişcării naţionale)
  26. 26,0 26,1 Relaţia dintre elite şi popor în perioada memorandistă (Romanian). Centrul de Resurse pentru Diversitate Etnoculturală. Vitja 15. mars 2008.
  27. Hubmann, Franz, & Wheatcroft, Andrew (redaktør) (1972) The Habsburg Empire, 1840 – 1916 – London. ISBN 0-7100-7230-9.
  28. Georges Castellan (1989) A history of the Romanians, s. 148 – Boulder: East European Monographs. ISBN 978-0880331548.
  29. 29,0 29,1 Lazarovici et al. 1997, s.207 (6.4 Cluj in Modern Times)
  30. Ernest A. Rockwell: Trianon Politics, 1994-1995, thesis, Central Missouri State University, 1995
  31. Brubaker et al. 2006, s.100-1
  32. 32,0 32,1 32,2 32,3 32,4 Lazarovici et al. 1997, s.140-1 (5.2 Dictatul de la Viena - 30 august 1940)
  33. Peter Kenez (Mai 2006) Hungary from the Nazis to the Soviets - the establishment of the Communist regime in Hungary, 1944-1948 – Cambridge University Press. ISBN 052185766X.
  34. Richard J. Evans (2001) Lying About Hitler: History, Holocaust og the David Irving Trial, s. 95 – Basic Books, London. ISBN 0465021530.
  35. Russians Smash on; Memel Reported Cut Off as New Drive Reaches German Frontier Szeged, Cluj Seized Soviet Tanks Cross Tisza, Menacing Budapest, Berlin Admits Russians Smash on Near East Prussia (12. oktober 1944). Vitja 8. juli 2008.
  36. Varga E. Árpád. Erdély etnikai és felekezeti statisztikája (1850-1992). Vitja 16. mars 2008.
  37. Lazarovici et al. 1997, s.154,159 (5.3 Perioada totalitarismului)
  38. Cluj-Napoca. Istoric (rumensk). Clujonline.com. Vitja 14. mars 2008.
  39. O mură în gura comisiei "Evenimentele din decembrie" (rumensk). Academia Caţavencu (30. januar 1996). Vitja 21. mars 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cluj-Napoca

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Cluj-Napoca frå Wikivoyage

Panorama over western districts, taken from "Tăietura Turcului"