Côa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Coa)
Côa
elv
Land  Portugal
Lengd 130 km
Munning Douro
Kart
Côa
40°16′29″N 6°55′28″W / 40.274822222222°N 6.9244833333333°W / 40.274822222222; -6.9244833333333
Wikimedia Commons: Côa River

Côa (portugisisk Rio Côa) er ei sideelv til Douro i sentrale og nordaustlege delar av Portugal. Ho er ein av få portugisiske elvar som renn frå sør til nord. Ho renn gjennom kommunane Sabugal, Almeida, Pinhel, Figueira de Castelo Rodrigo og Foz Côa, alle i distriktet Guarda.

I Côadalen finst det eldgamle utskjeringar i stein og mange stader med steinalderkunst. Teikningane vart verdskjende då det vart gjort planar om å byggje ei demning i elva som ville leggje heile Côadalen og steinutskjeringane under vatn. Sjølv om utbygginga alt var i gang, førte protestar frå lokale innbyggjarar, vitskapsfolk og media til at utbygginga stoppa opp i 1995, men då var alt ein stor del av teikningane i området Canada do Inferno under vatn. Côadalen arkeologiske park opna i 1996[1] og vart i 1998 ein del av UNESCO si verdsarvliste[2].

Côa var åstad for Côa-slaget under Napoleonskrigen på Den iberiske halvøya. Det ligg fleire borger langs elva, som Sabugal og Pinhel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 9. juni 2007, henta 24. juni 2008 
  2. http://www.manorhouses.com/unesco/whfozc.html