Cobblers Cove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 54°16′S 36°18′W
Cobblers Cove
Skomakerhullet
vik
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
koordinatar 54°16′S 36°18′W
Administrert under Antarktistraktaten
Cobblers Cove is located in Antarktis
Cobblers Cove (Antarktis)

Cobblers Cove er ei lita vik med ein ankerplass 0.5 nautiske mil vest for innløpet til Godthul, langs nordkysten av Sør-Georgia. Ho vart kartlagd og namngjeven Pleasant Cove av eit lag frå Discovery Investigations i 1929, men dette namnet var ikkje i bruk lokalt. South Georgia Survey, 1951–52, rapporterte at vika av kval- og selfangarar vart kalla «Skomaker Hullet» (cobbler's cove), fordi ho først vart vitja i tjukk tåke av ein norsk skyttar som ein gong hadde vore skomakar. Det engelske namnet på vika er det godkjende namnet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cobblers Cove» (innhald frå Geographic Names Information System).