Skjoldlus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Coccoidea)
Skjoldlus


Icerya purchasi
Icherya purchasi med avkom

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Neoptera
Orden: Hemiptera
Underorden: Stenorrhyncha
Overfamilie: Coccoidea
Vitskapleg namn
Coccoidea

Skjoldlus er ei stor gruppe insekt innanfor nebbmunnane. Dei er særs små og lever stort sett som parasittarplantar, bortsett frå somme som et sopp. Det er skildra rundt 8 000 artar i 28 familiar på verdsbasis. I Noreg er 36 av desse registrert, fordelt på sju familiar. Sannsynlegvis er det reelle talet ein del høgare; i Danmark har ein funne heile 63 ulike artar.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Skjoldlus er små insekt med stor skilnad på kjønna. Hoene er som oftast trege med utydeleg leddelingo og reduserte bein og augo. Dei manglar både vengjer og antenner. Ullskjoldlushoer er bevegelege gjennom heile livet, medan artar som utviklar skal eller ekte skjold er fastsitjande bortsett frå i første larvestadium.

Hannane er mykje mindre enn hoene og er ganske smale. Dei har trådforma antenner og eit nåleforma paringsorgan bakst på kroppen. Nokre artar har to par vengjer, andre har eitt eller ingen. Hann-skjoldlus har særs korte liv; det varierer frå nokre timer til nokre dagar.

Larvane er papirtynne og flate, og er like for begge kjønn. Dei har antenner, og eitt fotledd med klo på beina.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Skjoldlus lever på plantar og syg saft av dei. Dei fleste artane går på mange ulike forskjellige planteartar, og mange er farlege skadedyr. Saftsuginga får blada til å bli misfarga eller få nekroseflekkar. Ein del artar skil i tillegg ut store mengder honningdogg - ekskrement med særs høgt sukkerinnhald - og gjev med det grobotn for svertesopp.

Skjoldlus formeirar seg stort sett kjønna, men partenogenese skjer òg. Ein del artar føder levande ungar. I Noreg er livssyklusen vanlegvis på ein generasjon i året, men det kan vera fleire i drivhus og på stoveplantar.

Desse insekta har mange naturlege fiendar. Særleg snyltekvefsar er viktige, men òg marihøner er vanlege predatorar på skjoldlus.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]