Cochabamba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cochabamba
Frå Ayacucho-avenyen. (Foto: Alfredo Vasquez Meza)
Frå Ayacucho-avenyen. (Foto: Alfredo Vasquez Meza)
Styresmakter
Land Bolivia
Grunnlagt 1571
Geografi
Flatevidd
 - By

472 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

608,276
  6,275.16/km²
Koordinatar 17°23′″S 66°10′″WKoordinatar: 17°23′″S 66°10′″W
Høgd over havet 2574 m
Tidssone UTC -4 (UTC4)
Diverse anna
Nettstad: www.cochabamba.bo
Ein katedral ved Plaza 14 de Septiembre. (Foto: Paul Richter)

Cochabamba (quechua qucha, 'sump', pampa, 'open slette'), er den fjerde største byen i Bolivia. Byen har 608 276 (2008) innbyggjarar og er hovudstad i Cochabamba-departementet. Folk frå Cochabamba vert kalla «cochabambinos».

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Cochabamba ligg sentralt i landet ca. 220 kilometer søraust for La Paz i Cordillera Oriental (austlege Andes) i den fruktbare og folketette Cochabamba-dalen ca. 2 560 moh.. Området er ca. 25 gonger 10 kilometer vidt. Fjella i omkrinsen rekk over 5000 moh. Klimaet i dalen er moderat temperert, solfylt med ein middeltemperatur på 18 °C. På det søramerikanske kontinentet er Cochabamba kjent som byen med «evig vår» og som «hagebyen». Det skyldes at staden har behageleg temperatur gjennom heile året og at det finst mange fagre parkar i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området kring Cochabamba var busett lenge før europearane kom, her finst tallause ruinar frå før-inkatid og frå inkatida. I 1542 vart regionen lagt under kolonistyret åt visekongen i Peru og dei første settlarane slo seg ned.

Byen var meint som eit senter for jordbruksproduksjon slik at han kunne syte for matvarer til gruvebyane på det nærliggande Altiplano, spesielt for Potesi då han vart skipa den 2. august 1571 etter ordre frå visekonge Francisco de Toledo. Frå 1776 vart byen ein del av Santa Cruz-provinsen i det nye visekongedømmet Río de la Plata.

Cochabamba hadde ei blomstringstid saman med sølvgruveindustrien, men fekk nedgang utover 1700-taletgruvene var på hell. Men frå slutten på 1800-talet har byen forsvara posisjonen som eit agrikulturelt senter i Bolivia.

Medan kolonirevolusjonen gjekk føre seg i mai 1812, førte ei gruppe av kvinner, barn og eldre frå byen ein forsvarskrig for å forsvare Cochabamba mot dei spanske rojalisttroppane som freista å knuse revolusjonen. Gruppa var leia av den nesten blinde 60-år gamle Josefa Manuela Gandarillas. Dei vart alle massakrerte, men patriotismen vert minna med 27. mai som ein formell morsdag i Bolivia, feira sidan1928.

I år 2000 var Cochabamba åstaden for dei kraftfulle protestane mot privatiseringa av vassforsyninga åt byen. Sjå oppstanden mot vassprivatiseringa i Cochabamba.

I dei siste åra har mange frå Cochabamba emigrert til Bergamo i Italia.

Cochabamba byhorisont nær El Prado

Folk og kultur[endre | endre wikiteksten]

Frå El Prado. (Foto: Alfredo Vasquez Meza)

I dag er Cochabamba ein økonomisk aktiv by som ser ut til å utvikle seg til ein av dei meir sosialt liberale stader i nasjonen. Som andre storbyar i Andes er Cochabamba ein by med store kontrastar. I sentrumsområde som Plaza Colón eller Plaza 14 de Septiembre er bymassen generelt ganske moderne med lys, travle gater med tallause bilar og internettkaféar. Her finst storparten av dei større forretningsverksemder og finansielle institusjonane i byen. Nattelivet er sentrert rundt Calle España og også langs den breie bulevarden El Prado. Men om ein ser utanfor bysenteret er samfunnet mindre teknologisk utvikla. I dei ytre naboområda manglar det elektrisitetsforsyning, innlagt vatn og fast dekkje på gatene. Eit ekstremt døme er område rett sør for flyplassen kor halvferdige adobeheimar ligg ved gjørmete gater. Dette er førsteinntrykket for mange som vitjar Cochabamba.

Det finst ca. femten byfestivalar og ein av desse er feiringa av jomfru Urkupiña over fire dagar i august kvart år, eit høgdepunkt i kulturelt og religiøst liv i Cochabamba. Etter katolsk tru er det jomfru Urkupiña som vernar om byen.

Quechua er det mest utbreidde urfolksspråket i Cochabamba, medan aymara vert snakka av nokre få «cochabambinos», mest interne immigrantar frå departementa La Paz, Oruro og Potosí.

Den leiande latinamerikanske romanforfattaren og essayisten Mario Vargas Llosa budde i Cochabamba frå 1937 til 1945.

Søner og døtrer av Cochabamba[endre | endre wikiteksten]

Annan informasjon[endre | endre wikiteksten]

Cristo de la Concordia. (Foto: Jimmy Gilles)
Cristo de la Concordia sett frå nordaustre del av byen. (Foto: Alfredo Vasquez Meza)
  • På toppen av San Pedro åsen står den 33 meter høge statuen av Cristo de la Concordia, høgare enn Cristo del Corcovado i Rio de Janeiro. Det finst kabelbane opp til åstoppen. Statuen er hol og ein kan gå opp til armhøgda for å sjå utsikta over byen.
  • Cochabamba er heimstaden for mange vidgjetne katolske kyrkjer medrekna Convento De San Francisco bygd i 1607 av trevirke frå regnskogen. Alteret i kyrkja er dekt av gull.
  • El Prado er ein av hovudattraksjonane innanfor natteliv.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Ein universitetscampus ved byen

Eit av dei største og mest prominente universiteta i Bolivia er Universidad Mayor de San Simón. Det andre offentlege universitet er Universidad Catolica Boliviana «San Pablo», I tillegg finst mange andre private så som Universidad Privada Boliviana og Universidad del Valle.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Cochabamba har ein moderne internasjonal flyplass, Jorge Wilstermann og har bussamband med Oruro, La Paz og Santa Cruz over asfalterte vegar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]