Codan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Codankonsernet er Skandinavias tredje største forsikringsselskap. Selskapet heiter Codan i Noreg og Danmark, og Trygg-Hansa i Sverige. Codan-konsernet har 3 200 tilsette i Norden og tilbyr skadeforsikring til både privatkundar og næringsliv.

Selskapet er resultat av ei rekkje fusjonar gjennom mange år og har røter tilbake til England i 1781. I Noreg har Codan vore representert under diverse merkenamn, dei ti siste åra som Trygg-Hansa Forsikring.

Selskapet i Noreg vart etablert så tidleg som i 1937 under namnet Rutebileiernes Forsikringsselskap Gjensidig og vart i 1996 kjøpt opp av Trygg-Hansa Försäkrings AB. I 1999 kjøpte det danske Codan-konsernet alle aksjar i Trygg-Hansa Försäkrings AB, og det norske selskapet vart omgjort til filial. 1. januar 2008 skifta selskapet i Noreg namn frå Trygg-Hansa til Codan Forsikring.

Namnet Codan er nemninga på havet rundt Danmark: Sinus Codanus, som er det latinske namnet for Skagerrak.

Codankonsernet er 100 % eigd av britiske RSA Group. Det er dermed ein del av eit av dei største forsikringsselskapa i verda med ca 20 millionar kundar og 24 000 medarbeidarar rundt i verda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]