Codex Cumanicus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei side frå Codex Cumanicus.

Codex Cumanicus er eit handskrive dokument frå mellomalderen, skrive av katolske misjonærar til tyrkiske nomadar. Det er skrive i latinsk skrift, og er det eldste dømet på eit tyrkisk språk skrive med latinske bokstaver.[1] Det er også den fyrste kjende skriftlege kjelda som nemner kosakkane. Manuskriptet blei skrive i 1303, og er husa i Biblioteca Marciana i Venezia (BNM ms Lat. Z. 549 (=1597)).

Codex Cumanicus har to delar. Den fyrste er ei ordliste på latin, persisk og kumansk, og ei kolonne med kumanske verb, namn og pronomen med tydingar på latin. Den andre delen omfattar ei kumansk-mellomhøgtysk ordliste, informasjon om kumansk grammatikk, og ei samling dikt,[2] setningar, forteljingar om religiøse leiarar og rundt 50 gåter.[2]

Døme[endre | endre wikiteksten]

Dei kumanske gåtene (CC, 119–120; 143–148) er ei viktig kjelde til studiar av tidleg tyrkisk folklore. Nokre døme er:

  • Aq küymengin avuzı yoq. Ol yumurtqa.
'Den kvite yurten har ingen munn (opning). Det er egget.'
  • Kökçä ulahım kögende semirir. Ol huvun.
'Mitt blålege kje ved enden av reipet veks seg tjukt. Melonen.'
  • Oturğanım oba yer basqanım baqır canaq. Ol zengi.
'Der eg sit er ein åslendt stad. Der eg trør er ei kopparskål. Stigbøyelen.'

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «kumaner». Store norske leksikon (på norsk). 16. november 2020. 
  2. 2,0 2,1 [1] Codex Cumanicus (Kumanlar Kitabı)
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.