Cognac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For brennevinet med same namn, sjå konjakk
Cognac
Panoramabilete av rådhusparken i Cognac.
Panoramabilete av rådhusparken i Cognac.
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Poitou-Charentes
Charente
Geografi
Flatevidd
 - By

15,5 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

19 534
  1 260/km²
Koordinatar 45°42′″N 00°20′″WKoordinatar: 45°42′″N 00°20′″W
Høgd over havet 27 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 16100
Nettstad: www.ville-cognac.fr
Plassering
CognacMap.png

Cognac er ein by og kommune vest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Charente i regionen Poitou-Charentes. Byen har om lag 20 000 innbyggjarar, som vert kalla cognaçais.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Cognac ligg ved elva Charente mellom byane Angoulême og Saintes. Mesteparten av byen er bygd på venstresida av elva, medan ein mindre del, kalla Saint Jacques, ligg på høgresida.

Byen ligg langs ein av pilegrimsrutene til Santiago de Compostella.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart først kjend på 800-talet, og etter kvart vart det bygd festningsverk her. Under Hundreårskrigen byta byen sider fleire gongar på grunn av kampar og traktatar i området.

Frans I gav byen rettar til å handle salt langs elva, noko som var ein kommersiell suksess for byen. Dette førte så til at byen utvikla seg til eit sentrum for produksjon av vin og seinare konjakk.

Konjakk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Konjakk.

Byen har gjeve namn til ein av dei mest kjende typane av brennevinet brandy eller eau de vie i verda. Brennevin med dette namnet kan berre lagast i visse område rundt byen Cognac, og ein må følgje strenge reglar for at ein skal kunne kalla det konjakk.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringa i området er produksjon av konjakk. Industriar som omhandlar dette er:

  • Produksjon av jordbruksutstyr.
  • Tapping, lagring og merking
  • Jordbruksindustri som gjødselsproduksjon.
  • Destilleringsprodukt som brenneri og tankar.
  • Tønnemaking
  • Glassmaking: Flaksefabrikken til den store Saint-Gobain-gruppa ligg i Cognac
  • Produksjon av korkar
  • Trykking av etikkettar og reklame
  • Pakking
  • Transport

Jordbruksområde som ikkje passar til vinproduksjon, hovudsakleg lågtliggande område som er utsett for frost, vert brukt til å dyrke korn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cognac