Coimbra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Coimbra
Coimbra Vista.jpg
Flagget til Coimbra Byvåpenet til Coimbra
Flagget til Coimbra Byvåpenet til Coimbra


Plassering
Coimbra is located in Portugal
Styresmakter
Land Portugal Portugal
Region Centro
Distrikt Coimbra
Borgarmeister Carlos Encarnação
Geografi
Flatevidd
 - By

319,4 km²
Innbyggjarar
 - Totalt
   - folketettleik

148 443
  464,8 /km²
Koordinatar 40°12′″N 8°25′″WKoordinatar: 40°12′″N 8°25′″W
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.cm-coimbra.pt

Coimbra er ein by og kommune i Portugal, og tidlegare hovudstad i landet. Her ligg Universitetet i Coimbra, den eldste akademiske institusjonen i den portugisisk talande delen av verda. Sjølve byen har like over 100 000 innbyggjarar, medan kommunen om lag har 150 000 innbyggjarar. I storbyområdet bur det derimot over 430 000 innbyggjarar. Byen er administrasjonsstad for Centro.

Coimbra er eit av dei viktigaste byområda i Portugal etter Lisboa, Porto og Minho storbyområde, som ligg rundt Braga. Det finst viktige arkeologiske ruinar frå den gong byen var den romerske byen Aeminium, som godt bevarte akvedukter og ein cryptoporticus, i tillegg til perioden då han var hovudstad i Portugal (frå 1139 til om lag 1260). Seint i mellomalderen vart Coimbra mindre viktig som maktsenter i Kongedømet Portugal og byrja å utvikla seg til eit stort kultursenter med grunnlegginga av universitetet i 1290. Universitetet, som er eitt av dei eldste i Europa, trekkjer til seg turistar som kjem for å sjå dei monumentale bygningane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart kalla Aeminium i romartida. Seint i antikken vart han sete for eit bispedøme, som tidlegare hadde vore i den nærliggande byen Conímbriga, som hadde vorte erobra og delvis plyndra av invaderande germanarar i 465 og 468. Etter kvart fekk Aeminium namnet til den øydelagde byen. Vestgotarane endra derimot namnet til Eminio mellom 586 og 640 etter den gamle romerske byen. Maurarar tok Coimbra rundt år 711 og gjorde han om til ein handelsstasjon mellom det kristne nord og det muslimske sør. Byen vart gjenerobra av Ferdinand I av León i 1064.

Santa Cruz-klosteret (til venstre) med ein manuelinsk fasade.

Etter å ha vorte gjenerobra av dei kristne vart Coimbra hovudstad i det nye grevskapet Coimbra, som vart styrt av Mozarab Sesnando (Sisnando Davides), og seinare innlemma i Grevskapet Portugal. Midt på 1100-talet gjorde den første portugisiske kongen Afonso Henriques Coimbra til hovudstad i det nye kongedømet. Byen var hovudstad i det nye landet fram til 1255. Mange viktige monument i byen er frå denne tidlege perioden, som Den gamle domkyrkja, Igreja de Santiago og Santa Cruz-klosteret, som var den viktigaste monastiske institusjonen i Portugal på denne tida.

Så tidleg som i mellomalderen vart Coimbra delt i ein øvre bydel (Cidade Alta eller Almedina), der aristokratiet og prestestanden heldt til, og ein lågare bydel (Cidade Baixa) ved elva, det det meste av handelen fann stad. Byen låg innanfor ein bymur, som ein framleis kan sjå restane av. Det viktigaste gotiske bygget i byen er Klosteret Santa Clara-a-Velha, som vart bygd ved elva Mondego av dronning Elizabeth på første halvdel av 1300-talet. Klosteret vart ofte råka av flaum og nonnene forlet klosteret på 1600-talet, då klosteret Santa Clara-a-Nova vart bygd høgare oppe. Ruinane av det gamle klosteret vart grave ut på 2000-talet.

På 1400- og 1500-talet, under oppdagingstida, var Coimbra ein av dei viktigaste kunstsentra i Portugal og vart støtta av både lokale innbyggjarar og kongefamilien. Biskopane i Coimbraog kong Manuel I støtta kunstnarar som Diogo Pires (far og son), Marcos Pires, João de Castilho, Diogo de Castilho og franskmennene João de Ruão og Nicholas of Chanterene, som etterlet seg viktige manuelinsk- og renessansestil.

Universitetet i Coimbra vart grunnlagd i Lisboa i 1290 av kong Dinis I, og overført til Coimbra i 1537 avkong Johan III. Sidan den gong har livet i byen dreidd seg om det statsstyrte universitetet. I 1772 gjorde statsministeren til kong José I, marki av Pombal, ei stor reform av universitetet, der studiet av vitskap vart lagt stor vekt på. Samlinga av vitskaplege instrument frå den tid og framover er i dag samla i Vitskapsmuseumet i universitetet i Coimbra og utgjer ein av dei største historiske vitskapssamlingane i Europa.

Den første halvdelen av 1800-talet var ei tung tid for Coimbra, då han vart invadert av franske troppar under Andoche Junot og André Masséna. Byen kom seg på fote att i løpet av den andre halvdelen av hundreåret og infrastrukturen vart betra med telegraf, gasslys, jernbanesystem og ei jernbanebru over Mondego.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Coimbra