Col de Granon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

x

Col de Granon
Passhøgda

Passhøgda

Aust Sør
Passhøgd 2 413 m
Département Hautes-Alpes
Vasskilje Clarée Guisane
Stader Val-des-Prés Saint-Chaffrey
Samband Ikkje asfaltert Passveg
Fjellområde Dei franske alpane
Profil
Klatrekategori HC
Stigning (snitt) 6,6 %x (1 009 m / 15,3 km) 9,2 %x (1 049 m / 11,5 km)
Stigning (maks) 12,4 % 10,5 %
Kart
Col de Granon (Frankreich)
Col de Granon
x
Koordinatar 44° 57′ 46″ N, 6° 36′ 40″ AKoordinatar: 44° 57′ 46″ N, 6° 36′ 40″ A

Col de Granon (lokalt òg Col du Granon) er eit 2 413 moh. høgt fjellpass i Dei franske Alpane. Passhøgda ligg i Département Hautes-Alpes. I følgje andre kjelder er ikkje passhøgda høgare enn 2 404 moh.[1]

To vegar fører opp på passet. Frå sør går vegen 234T frå Saint-Chaffrey, strekninga er 11,5 km lang og stigninga i snitt rundt 9 % opp. Frå aust går det ein ikkje-asfaltert militærveg opp til passet som med utgangspunkt i Val-des-Prés stig knapt 7 % i snitt over 15,3 km.

Tour de France[endre | endre wikiteksten]

Passhøgda var målgangsstad for ei klatreetappe under Tour de France 1986. Strekninga blei då plassert i Hors catégorie, den hardaste kategorien. Eduardo Chozas vann denne etappen. Col de Granon var lenge den høgastliggande målstaden i Touren inntil Col du Galibier for første gong blei brukt som målgangsstad i 2011.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]