Cole Sprouse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cole Sprouse

Fødd4. august 1992 (31 år)
FødestadArezzo
FødenamnCole Mitchell Sprouse
Aktive år1993–
Verka somskodespelar, fjernsynsskodespelar, fotograf, filmskodespelar
PrisarTeen Choice Award for Choice TV Actor Drama, Teen Choice Award for Choice TV Actor Drama, Teen Choice Award for Choice TV Actor Drama, People's Choice Awards, People's Choice Awards

Cole Mitchell Sprouse (fødd 4. august 1992 i Arezzo i Italia) er ein amerikansk skodespelar. Han er den yngre tvillingbroren til Dylan Sprouse.

Sprouse er kjend for rolla si som Cody Martin i tv-serien The Suite Life of Zack & CodyDisney Channel og den avleidde The Suite Life on Deck. I 2017 spelte han Jughead Jones i serien RiverdaleThe CW.

Bakgrunn

Sprouse blei fødd i Arezzo i Toscana, der dei amerikanske foreldra Matthew Sprouse og Melanie Wright var lærarar ved ein engelskspråkleg skule.[1] Cole blei fødd 15 minutt etter tvillingbroren Dylan.[2] Cole blei kalla opp etter jazzsongaren og pianisten Nat King Cole.[3][4] Fire månader etter fødselen flytta familien til foreldra sin heimstad i Long Beach i California.[5]

Kjelder

  1. «Official Sprouse Bros Website About Page». Official Sprouse Bros Website. Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 5. april 2012. 
  2. Mad Kids (mai 2006). «The Mad Kids Chatroom: This Month: Dylan & Cole Sprouse». Mad Kids 1 (#3): 26–28. 
  3. James Brady (19. august 2007). «In Step with Dylan & Cole Sprouse». Parade Magazine: 22. Arkivert frå originalen 20. februar 2009. Henta 1. mars 2009. 
  4. Popstar (juni 2006). «Dylan & Cole take over the world!: House of Sprouse!». Popstar Special!: 90. 
  5. «Little Sprouses». People (Special Collector's Edition: Dylan and Cole: Zack & Cody): 14. May 2009. Arkivert frå originalen 21. oktober 2012. Henta 9. juli 2012. 
Spire Denne underhaldningsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.