Coll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Coll
Lokalt namn: Cola
Arinagour på Coll
Arinagour på Coll
Geografi
Coll is located in
Coll ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°38′ N 6°35′ WKoordinatar: 56°38′ N 6°35′ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 76,85 km²
Høgaste punkt Ben Hogh (104 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Største busetnad Arinagour
Demografi
Folketal 164

Coll (skotsk-gælisk Cola[1]) er ei lita øy vest for Mull i Indre Hebridane i Skottland. Coll er mest kjend for sandstrendene som dannar store sanddyner, åkerriksene og for Breachacha Castle.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Coll er om lag 13 km lang og 3 km brei og rundt 150-200 innbyggjarar. Det høgaste punktet på øya er Ben Hogh sørvest på øya med ei høgd på 104 meter over havet. Den største landsbyen på øya er Arinagour. Andre landsbyar er Acha, Arileod, Arnabost, Ballyhaugh, Bousd, Clabhach, Crossapol, Totronald og Uig.

Det er berre to hovudvegar på Coll. Om lag 1 km sør for Arinagour ligg ein ferjekai med ferjesamband til Oban og Tiree. Flyplassen på øya ligg mellom Uig Arileod.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Coll var heimstad for ein av greinene i Maclean-klanen i 500 år, og det var ikkje alltid ei fredleg tid. I 1590 vart Maclean-familien frå Duart invadert av slektningane sine på Coll, då dei ville ta over øya. Det vart utkjempa eit slag ved Breachacha Castle der Coll-klanen vart slått av Duart-klanen. Maclean-familien på Coll fekk halde på baroniet sitt og Breachacha Castle fram til 1848 då Alexander Maclean frå Coll flytte til Natal i Sør-Afrika, der han døydde ugift. Breachacha Castle på sørsida av øya er frå 1400-talet.

Folketalet på Coll var tidlegare mykje høgare. Seint på 1700-talet var det kring 1000 innbyggjarar på øya, som levde av jordbruk og fiske. Under Highland clearances i 1830- og 1840-åra, då mange innbyggjarar på Hebridane vart tvangsflytta, flytta mange av dei til Australia, Canada eller Sør-Afrika.

Traigh Feall (Feall Beach) på Coll

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Det er eit stort RSPB-reservat på vestsida av øya.[3] Ein av hovudattraksjonar er den sjeldne åkerriksen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mac an Tàilleir, Iain (2003) Placenames. (pdf) Pàrlamaid na h-Alba. Henta 8. januar 2010.
  2. «Isle of Coll Tourist Guide Inner Hebrides Scottish Islands». www.iknow-Skottland.co.uk. http://www.iknow-scotland.co.uk/tourist_information/scottish_islands/isle_of_coll_tiree/coll_tourist_information.htm. Henta 12. februar 2010. 
  3. «Guide to Coll». RSBP. http://www.rspb.org.uk/reserves/guide/c/coll/index.asp. Henta 12. februar 2010.