Collett & Leuch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Collett, den eine av dei to som skipa Collett & Leuch.

Collett & Leuch var eit norsk handelshus i Christiania, skipa før 1716 av Peder Mortensen Leuch (1692–1746) og Peter Collett (1694–1740). Firmaet endra namn til Collett & Søn i 1786.

Handelshuset hadde store interesser i trelasteksport og åtte skogområde og sagbruk i tillegg til industri. Ved Akerselva dreiv dei mellom anna Glads mølle og Bentse Brug i åra 1748–1789/1798.

Firmaet var og med blant dei som gav pengar slik at det vart mogleg å skipa Det Kongelige Frederiks Universitet - Universitetet i Oslo.

Drifta ved Collett & Leuch opphøyrde i 1821.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]