Colmar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Colmar
Petite Venise
Petite Venise
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Alsace
Haut-Rhin
Geografi
Flatevidd
 - By

66,57 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

65 136
  978/km²
Koordinatar 48°04′54″N 07°21′20″EKoordinatar: 48°04′54″N 07°21′20″E
Høgd over havet 197 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-colmar.fr
Plassering
Plassering av  Colmar

Colmar er ein by og kommune aust i Frankrike. Han er préfecture (hovudstad) i departementet Haut-Rhin i regionen Alsace. I 1999 hadde Colmar 65 136 innbyggjarar. Colmar er òg den største byen i arrondisementet Colmar, som har 86 832 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Colmar vart grunnlagd på 800-talet. Det var her Karl den feite heldt ein riksdag i 884. Colmar fekk status som fri keisarby i Det heilage tysk-romerske riket i 1226. Under Trettiårskrigen vart byen teke av den svenske hæren i 1632, som haldt byen i to år. Byen vart erobra av Frankrike under Louis XIV i 1697.

I lag med resten av Alsace vart Colmar gjeve tilbake til Tyskland i 1871, som eit resultat av den fransk-prøyssiske krigen, men vart igjen fransk etter den første verdskrigen. Nazi-Tyskland annekterte igjen området i 1940, før Frankrike igjen fekk kontroll etter slaget ved «Colmar-lommen» i 1945.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Colmar ligg 64 km sørvest for Strasbourg ved elva Lauch. Han er forbunde med elva Rhinen via ein kanal.

Med ein årleg nedbørsnormal på berre 530 mm er Colmar den tørraste byen i Frankrike. Dette kjem av at byen ligg like aust for fjellkjeda Vogesane. Sidan vestavinden er dominerande i Nord-Frankrike, fell det meste av nedbøren på vestsida av Vogesane, medan austsida og Colmar vert liggande i regnskuggen. Det solrike mikroklimaet gjer staden ideell for vinproduksjon, som området er kjend for.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Colmar