Köln

Koordinatar: 50°57′00″N 06°58′00″E / 50.95000°N 6.96667°E / 50.95000; 6.96667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cologne)
Köln
Kölnerdomen med brua Hohenzollernbrücke
Kölnerdomen med brua Hohenzollernbrücke
Kölnerdomen med brua Hohenzollernbrücke
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Köln
Köln is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Köln
Kreisfri by
Grunnlagd 50 fvt.
Geografi
Flatevidd
 - By

405,15 km²
Innbyggjarar
 - By (2015)
   - folketettleik

1050 000
  2 434/km²
Koordinatar 50°57′00″N 06°58′00″E / 50.95000°N 6.96667°E / 50.95000; 6.96667
Høgd over havet 37 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 50441-51149
Telefon-retningsnummer 0221
Bilnummer K
Heimeside: www.stadt-koeln.de

Köln (kölsch Kölle, nederlandsk Keulen, fransk og engelsk Cologne) er ein by i Tyskland ved Rhinen si vestlege breidd i delstaten Nordrhein-Westfalen. Byen er den fjerde største i Tyskland med tett opp til 1 million innbyggjarar, men ligg i Rhin-Ruhr-området, eit av dei største storbyområda i Europa med meir enn ti millionar innbyggjarar.

Byen er ein av dei eldste i Tyskland og vart grunnlagd som ein romarleir i år 30 fvt. og vart på det tidspunktet kalla Colonia Claudia Ara Agrippinensis. Köln fekk bystatus i år 50.

Den kjende Kölnerdomen er sete for det romersk-katolske bispedømet Köln. Universitetet i Köln er eit av dei eldste universiteta i Europa, og vart grunnlagd i 1388. Det vart derimot stengd i 1798 før det vart opna igjen i 1919.

Köln er eit viktig økonomisk og kulturelt senter i Rheinland med over 30 museum og hundrevis av galleri. Utstillingar varierer frå lokale arkeologiske funn frå romartida til moderne kunst. I Tyskland er Köln òg eit viktig mediasenter med fleire radio og TV-stasjonar stasjonert her, som WDR, VOX og RTL Group.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I romartida vart han kalla Colonia Agrippina etter keisar Claudius siste gemalinne, fordi ho var fødd her. Plasseringa ved Rhinen og ein av dei store handelsrutene mellom det austlege og vestlege Europa var grunnleggande for at Köln vart ein kommersielt viktig by. I mellomalderen vart han eit viktig kyrkjeleg senter, i tillegg til eit senter for kunst og vitskap.

Köln er den eldste av dei tyske storbyane og fekk bystatus alt i år 50 e.Kr. Omkring år 300 vart han eit bispesete, og i 785 erkebispesete. Erkebiskopen av Köln var ein av dei sju tyske kurfyrstane, som valde den romerske keisaren og kongen av Tyskland. Erkebiskopen styrte eit stort område som verdsleg fyrste i mellomalderen, men i 1288 vart han slått av Köln sine borgarar og tvunge til å flytte til Bonn. Köln var medlem av Hansaen, men vart først fri keisarby i 1475.

Under den franske revolusjonen vart Rheinland invadert av franske troppar i 1794. Under det franske styret mista byen sin status som fri keisarby og fekk tilbake erkebiskopen, og ved Wienerkongressen i 1815 vart han ein del av kongeriket Preussen. Han vart ein viktig industriby, og Kölnerdomen, som vart påbyrja i 1248 men gjeve opp på midten av 1500-talet, vart omsider ferdigstilt i 1880. Han er det største gotiske kyrkjebygget i Nord-Europa og er på UNESCO si verdsarvliste og eit viktig landemerke i byen. I 1850 hadde Köln over 100 000 innbyggjarar.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Luft[endre | endre wikiteksten]

Köln/Bonn Konrad-Adenauer International Airport (Flughafen)

Bil[endre | endre wikiteksten]

Ford Europe (Köln-Niehl)

Sport[endre | endre wikiteksten]

Fotballklubbs

1. FC Köln ... Müngersdorfer Stadion ... Kapasitet: 50.000 ... (1. BL)

SC Fortuna Köln ... Südstadion ... Kapasitet: 15.000 ... (3. BL)

Ishockey

Kölner Haie ... LanxessArena ... Kapasitet: 20.000 ... (1. BL)

Skyskrapar[endre | endre wikiteksten]

KölnTurm ... 148,10 / 165,5 m

(Fernsehturm 266,00 m, Kölner Dom 157,38 m, Colonia-Haus 147,00 m)

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

- Turku (FIN)

- Liverpool (GB) ... - Beijing (KINA)

- Esch / Alzette (LUX) ... - Thessaloniki (GRE)

- Lille (FRA) ... - Cork (IRE)

- Rotterdam (NL) ... - Corinto (NIKARAGUA)

- Turyn (ITA) ... - Indianapolis (USA)

- Kyoto (JAP) ... - Wolgograd (RUS)

- Tunis (TUN) ... - Barcelona (ESP)

- Rio de Janeiro (BRA) ... - Katowice (POL)

- Cluj (ROM) ... - Bethlehem (PALESTINE)

- Tel Aviv-Jaffa (IZRAEL) ... - Stambul (Istanbul) (TRK)

- Berlin (D)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Köln
Reiseguide for Köln frå Wikivoyage