Colombia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Columbia, eit namn knytt til mykje i eller frå USA.
[endre]
República de Colombia

(norsk: Colombia, colombiansk)

Det colombianske flagget Det colombianske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Oh Gloria Inmarcesible!»
Motto spansk: Libertad y Orden (fridom og orden)
Geografisk plassering av Colombia
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Bogotá
Styresett
Republikk
Juan Manuel Santos
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 138 910 km² (25.)
8,8 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
45 239 079 (28.)
39,7 /km² (134.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Spania
20. juli 1810
7. august 1819
Nasjonaldag 20. juli
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
431 900 mill. USD (28.)
9 800 USD (89.)
Valuta Colombiansk peso
Tidssone UTC -5
Telefonkode +57
Toppnivådomene .co


Colombia er ein republikk i det nordvestlege Sør-Amerika som grensar til Panama i nordvest, Det karibiske havet i nord, Venezuela i aust, Brasil, Peru og Ecuador i sør og Stillehavet i vest.

Kart over Colombia

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Barranquilla - Atlántico

Colombia har kyst både mot Atlanterhavet og Stillehavet. Magdalena er den største elva og renner sør-nord-vest i landet. Pico Cristóbal Colón og Pico Simón Bolívar er dei to høgste fjella og ligg nordaust i Colombia.

Nevado del Ruiz
Foto: Luis Alejandro Bernal Romero
Relieffkart

Den fysiske geografien i Colombia er prega av seks naturregionar som kvar presenterer sine eigne unike eigenskapar. Regionane er Andesfjella delt med Ecuador og Venezuela; Stillehavskysten delt med Panama og Ecuador; den karibiske kystregionen delt med Venezuela og Panama; Llanos, delt med Venezuela; Amazonas delt med Venezuela, Brasil, Peru og Ecuador; og til øyregionen i Colombia, med øyar både i Atlanterhavet og i Stillehavet.[1]

Colombia har landegrenser i nordvest mot Panama; i aust mot Venezuela og Brasil; i sør mot Ecuador og Peru.[2] landet har etablert dei maritime grensene sine med nabolanda gjennom sju avtaler om Det karibiske havet og tre i Stillehavet.[3] Colombia ligg mellom breiddegradane 12°N og 4°S, og mellom lengdegradane 67° og 79° vest.

Som ein del av eldringen i Stillehavet, ein region i verda utsett for jordskjelv og vulkanutbrot,[4] er Colombia dominerte av Andes, som òg inneheld storparten av landet sitt urbane sentrum. I dei sørvestre departementa Cauca og Nariño som òg ligg i Andes finn vi fjellmassivert kalla Macizo Colombiano. Området er delt inn i tre soner som vert kalla cordilleras, fjellkjeder: Cordillera Occidental, nærast Stillehavskysten med byaen Cali; Cordillera Central, mellom dalene med elvane Cauca og Magdalena høvesvis mot vest og aust, og med byane Medellín, Manizales, Pereira og Armenia; og Cordillera Oriental i aust, som strekkjer seg nordover aust til Guajirahalvøya og med Bogotá, Bucaramanga og Cucuta.[1]

Toppane i Cordillera Occidental stig til over 4700 moh., og i Cordillera Central og Cordillera Oriental når dei 5000 moh. Ingen andre byar i verda på Bogotá sin storleik ligg høgare, ca. 2600 moh.[1]

Austom Andes ligg savannelandskapet Llanos, ein del av Orinoco elvebassenget, og lengst i søraust, finn ein regnskogen i Amazonas. Til saman utgjer desse låglandsområda over halvparten av territoriet av Colombia, men dei husar mindre enn 3 % av folkesetnaden. I regionen ved den karibiske kysten i nord finn ein 20 % av folkesetnaden. Her ligg dei store havnebyane Barranquilla og Cartagena. Regionen har lågtliggande sletteland inkludert La Guajira-ørkenen, men i nord finn ein òg fjellrekkja Sierra Nevada de Santa Marta, som femnar om dei høgste toppane til landet Pico Cristóbal Colón og Pico Simón Bolívar. Ulik Karibiakysten ligg låglandet mot Stillehavskysten smalt og usammanhengande, avgrensa av Serranía dei Baudo-fjella, er tynt folkesett og dekt med tett vegetasjon. Den mest vektige hamnebyen på stillehavskysten er Buenaventura.[1]

Dei største elvane i Colombia er Magdalena, Cauca, Guaviare, Atrato, Meta, Putumayo og Caquetá. Colombia har fire hoveddreneringssystem: drenering mot Stillehavet, Karibia, gjennom Orinocobassenget og Amazonasbassenget. Orinoco og Amazonas er grenseelver mot høvesvis Venezuela og Peru.[5]

Verneområde og nasjonalparksystemet dekker eit område på om 142 tusen kvadratkilometer. Det står for 12,75 % av det colombianske territoriet.[6] Samanlikna med nabolanda, er fraleis avskoginga i Colombia relativt låg.[7] Colombia er rangert som det sjette landet i verda for omfanget av total fornybar ferskvasstilførsel, og landet har framleis store ferskvassreservar.[8]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Colombia har tropisk klima, men dei høgareliggande områda kan ha litt andre klimaforhold. På Stillehavskysten, og i dei lågare sidene av dei vestlege Andesfjella har ein regnmengder på over 2500 mm, og fleire stader meir enn 5000 mm i året. Alle månadane her er våte. Temperaturane og fukta held seg høg året rundt og klimaet er generelt lummert og trykkande. Noko uvanleg er det derimot at det meste av regnet kjem om natta, men ein har òg ein god del torevêr på ettermiddagen.

Kystområda langs Det karibiske havet er derimot ikkje så våte, og her er det tørrast frå desember til mars. Området er òg varmt og fuktig. Mot aust av denne kysten er regnmengdene låge for å vere eit tropisk kystområde.

Det meste av dei sentrale områda av Colombia er fjellområde, og dei høgaste toppane i Andesfjella her stig til over 5000 m. Fjella utgjer ei rekkje fjellrekkjer mellom dei store elvene Magdalenaelva og Caucaelva som strøymer nordover i dei vide dalane. Temperaturane her er avhengig av høgda. Fjellområda over 4500 m får mesteparten av nedbøren sin som snø, og heile området får om lag 1000-2500 mm nedbør på eit år, og nedbøren er jamt fordelt gjennom året.

I Bogotá er nettene kjølige, men sjeldan verklege kalde, og frost har ein nesten aldri. Dagane har fine temperaturar, men det vert sjeldan svært varmt. Ein har ofte skya vêr og regn om ettermiddagen.

Låglandet i austlege delar av landet er mindre folkesett og lite utvikla. Klimaet her er varmt året gjennom med ein god del nedbør, om lag 2000-2500 mm i året. Som i andre område av det nordlege Amazonasbekkenet har ein hovudsakleg to våtare periodar, ei frå desember til januar og ei i april og mai.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For å forklare dagens situasjon i Colombia må ein gå heilt tilbake til koloniseringa. På 1600- og 1700- talet var det meste av Sør-Amerika spanske koloniar. Men det tok slutt då fridomskjemparen Simon Bolivar starta ein frigjeringskamp i fyrste halvdel av 1800-talet. Han frigjorde Colombia, Venezuela, Panama, Ecuador og Peru frå spansk kontroll, og fekk det spanske overherredømmet til å nesten få dødsstøytet på kontinentet.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

I likskap med mange latinamerikanske land har colombiansk politikk blitt dominert av to parti. Dei liberale og dei konservative. Desse partia delte makta mellom seg noko som stod nedfelt i grunnlova. Til tross for dette er presidenten partipolitisk uavhengig. Uansett så er politikken slik at eit lite mindretal har nesten all makta. Landet er USAs viktigaste støttespelar i regionen og er kjent for å ha ein lang voldeleg politisk historie. Desse valdsferda eksisterer framleis med fleire radikale grupper som slåst både mot regjeringa og kvarandre. Regjeringa er ofte skulda for å ha tette band til denne gruppa.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Colombia er delt inn i 32 departement og eitt hovudstadsdistrikt, som er både department og hovudstad i Cundinamarca. Departementa er delt inn i kommunar, kvar med eit senter, og kommunane er vidare delt inn i corregimientoar i rurale område og i comunaer i folketette område.

Kvart department har eit lokalt styre med en guvernør og direkte vald forsamling i fire år av gangen, og kvar kommune blir leidd av ein ordførar og eit kommunestyre. Det er eit folkevalgt lokal administrativt styre i kvart corregimiento og comuna.[9][10][11][12]

Utanom hovudstaden har òg fire andre byar fått inndeling i distrikt, eigentleg spesielle kommuanar, utvalde etter gjevne reglar. Dette gjelder Barranquilla, Cartagena, Santa Marta og Buenaventura. Nokre departement har lokale administrative undereiningar, kor byane har store folkekonsentrasjonar og kommunane ligg nær kvarandre. Der departementa har liten folkesetnad, som i Amazonas, Vaupés og Vichada, er det iverksett spesielle adminitrative inndelingar som skil seg litt frå resten av landet.[9][10]

Klikk i kartet for å åpne artikkelen for eit departement.

La Guajira-departementet Magdalena-departementet Atlántico-departementet Cesar-departementet Bolívar-departementet i Colombia Norte de Santander-departementet Sucre-departementet Córdoba-departementet i Colombia Santander-departementet Antioquia-departementet Boyacá-departementet Arauca-departementet Chocó-departementet Caldas-departementet Cundinamarca-departementet Casanare-departementet Vichada-departementet Valle del Cauca-departementet Tolima-departementet Meta-departementet Huila-departementet Guainía-departementet Guaviare-departementet Cauca-departementet Vaupés-departementet Nariño-departementet Caquetá-departementet Putumayo-departementet Amazonasdepartementet i Colombia Risaralda-departementet Risaralda-departementet Quindío-departementet Quindío-departementet Bogotá Bogotá Øygruppa San Andrés, Providencia og Santa CatalinaDepartments of colombia.svg
Om dette bilete
Departement Hovudstad
1 Flagget til Amazonasdepartementet Amazonas Leticia
2 Flagget til Antioquia Antioquia Medellín
3 Flagget til Arauca Arauca Arauca
4 Flagget til Atlántico Atlántico Barranquilla
5 Flagget til Bolívar Bolívar Cartagena
6 Flagget til Boyacá Boyacá Tunja
7 Flagget til Caldas Caldas Manizales
8 Flagget til Caquetá-departementet Caquetá Florencia
9 Flagget til Casanare-departementet Casanare   Yopal
10 Flagget til Cauca-departementet Cauca Popayán
11 Flagget til Cesar-departementet Cesar Valledupar      
12 Flagget til Chocó-departementet Chocó Quibdó
13 Flagget til Córdoba-departementet Córdoba Montería
14 Flagget til Cundinamarca-departementet Cundinamarca Bogotá
15 Flagget til Guainía-departementet Guainía Inírida
16 Flagget til Guaviare Guaviare San José del Guaviare
17 Flagget til Huila Huila Neiva
Departement Hovudstad
18 Flag of Nueva Esparta La Guajira   Riohacha
19 Flagget til Magdalena Magdalena Santa Marta
20 Flagget til Meta Meta Villavicencio
21 Flagget til Nariño Nariño Pasto
22 Flagget til Norte de Santander Norte de Santander Cúcuta
23 Flagget til Putumayo Putumayo Mocoa
24 Flagget til Quindío Quindío Armenia
25 Flagget til Risaralda Risaralda Pereira
26 Flagget til San Andres, Providencia and Santa Catalina San Andrés, Providencia
og Santa Catalina
San Andrés
27 Flagget til Santander Santander Bucaramanga
28 Flagget til Sucre Sucre Sincelejo
29 Flagget til Tolima-departementet Tolima Ibagué
30 Flagget til Valle del Cauca Valle del Cauca Cali
31 Flagget til Vichada Vaupés Mitú
32 Flagget til Vichada Vichada Puerto Carreño
33 Flag of Bogotá Bogotá Bogotá

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Colombia har eit stramt budsjett og store innanrikskonfliktar. Andre problem er mange arbeidsledige og stor fattigdom. Colombias største eksportvarer er olje og kaffi, i tillegg er det stor ulovleg eksport av narkotika. Presidenten har derimot sett i gang ein rekke økonomiske reformer.

Forsvar[endre | endre wikiteksten]

Colombias forsvar består av tre delar: • Ejercito Nacional de Colombia (hæren) • Armada Nacional de Colombia (sjøforsvaret) • Fuerza Aerea Colombiana (Luftforsvaret)

Presidenten er øvstkommanderande, men forsvarsdepartementet står for det daglege tilsynet. Dei militære styrkane består av ca 250 000 soldatar. Colombia brukar ca 6,1 BNP på forsvar, dette er ein av dei høgaste i verda. Det er allmenn verneplikt og verneplikta er to år.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Den normale politikken i det nyliberale Colombia ser du også i universitetspolitikken. Frå starten av 90-talet har det vore ei enorm privatisering av studieplassane. Berre 25 % av elevane går på offentleg universitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Natural regions of Colombia and description of the three branches of the andes cordillera». colombia-sa.com. http://www.colombia-sa.com/geografia/geografia-in.html. Henta 7. mars 2014. 
  2. «The Republic of Colombia shares land borders with five (5) countries». cancilleria.gov.co. http://www.cancilleria.gov.co/en/colombia/sovereignty/land. 
  3. «Maritime borders». cancilleria.gov.co. http://www.cancilleria.gov.co/en/colombia/sovereignty/maritime. 
  4. «Colombia is part of the Ring of Fire» (på Spanish). seisan.ingeominas.gov.co. http://seisan.ingeominas.gov.co/RSNC/index.php/material-educativo. Henta 7 March 2014. 
  5. «Hydrography of Colombia». colombia-sa.com. http://www.colombia-sa.com/geografia/geografia-in-2.html. Henta 7 March 2014. 
  6. «Dirección de Parques Nacionales Naturales de Colombia» (på Spanish). http://www.parquesnacionales.gov.co/portal/sistema-de-parques-nacionales-naturales/. Henta 4 December 2013. 
  7. «Change in forest area, 1990/2010 (%)». data.undp.org. https://data.undp.org/dataset/Change-in-forest-area-1990-2010-/77qj-63mn#column-menu. Henta 2 April 2014. 
  8. «Table 1: Total Renewable Freshwater Supply, by Country». worldwater.org. http://worldwater.org/water-data/. 
  9. 9,0 9,1 «Codificación de la División Político-Administrativa de Colombia (Divipola)» (på Spanish). dane.gov.co. http://www.dane.gov.co/Divipola/. Henta 15 March 2014. 
  10. 10,0 10,1 Colombian Constitution of 1991 (Title XI – Concerning the territorial organization)
  11. Colombian Constitution of 1991 (Title XI – Concerning the territorial organization – Chapter 3 – Concerning the municipal regime – Article 318)
  12. Herrera Llanos, W (2011). Régimen municipal en Colombia (Continuación del tema sobre Organización Territorial). Universidad del Norte. s. 27. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Colombia
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.