Colonsay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Colonsay
Lokalt namn: Colbhasa 
An Tràigh Bhàn, Kiloran Bay
An Tràigh Bhàn, Kiloran Bay
Geografi
Colonsay is located in
Colonsay ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°4′ N 6°13′ WKoordinatar: 56°4′ N 6°13′ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 40,74 km²
Lengd 13 km
Breidd 5 km
Høgaste punkt 143 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Største busetnad Scalasaig
Demografi
Folketal 108 (2001)

Colonsay (skotsk-gælisk Colbhasa, norrønt Colonsey) er ei øy i Skottland og Indre Hebridane, nord for Islay og sør for Mull. Ho har eit areal på 40,74 km². Macfie-klanen og Colonsay-greina av MacNeil-klanen heldt begge til her. Øya er 13 km lang og 5 km på det breiaste.

Øya har kring 110 innbyggjarar. Den største busetnaden er Scalasaig på austsida, og frå her går det ferje til Oban. Mellom april og oktober går det òg båt tilKennacraig via Port AskaigIslay.

Øya er kjend for Colonsay House, Riasg Buidhe-krossen frå 1700-talet, villgeitene og dei mange fuglane som, krykkje, skarv, lomvi, åkerrikse og kongeørn. Øya heng fast med Oronsay via ein banke (kalla The Strand), som berre er synleg ved lågvatn. Colonsay har fleire vakre sandstrender og turisme er ein veksande økonomisk sektor på øya med mange feriehytter og eit hotell. I 2006 vart den tidlegare grasskledde rullebanen oppgradert med hard overflate. Øya har no flysamband til Oban to gonger i veka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]